Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blir ny klinikkdirektør på Stord sjukehus

Sunniva Austlid er tilsett som klinikkdirektør Somatikk Stord.

Magne Kydland
Publisert 07.10.2024
En person som sitter ved et skrivebord
Sunniva Austlid har takka ja til stillinga som klinikkdirektør Somatikk Stord. Foto: Magne Kydland

Sunniva Austlid har dei siste åra vore avdelingsleiar for medisinsk avdeling på Stord sjukehus. No rykkjer ho opp eit hakk og blir klinikkdirektør Somatikk Stord frå 21. oktober.

– Eg gler meg til å ta fatt på jobben som klinikkdirektør på Stord sjukehus og å bli betre kjend med dei avdelingane og medarbeidarane eg ikkje kjenner så godt frå før. Eg veit at det er mykje erfaring og kompetanse i organisasjonen som vi må ta vare på og vidareutvikle, seier Austlid.

 

Lang leiarerfaring

43-åringen er fødd og oppvaksen i Tromsø, men familien er frå Sunnhordland. Difor var det naturleg for henne å ta sjukepleiarutdanninga på dåverande Høgskulen Stord/Haugesund på Stord. Her møtte ho han som i dag er mannen hennar. Etter mange år i Tromsø flytta familien til Stord i 2020, og i dag jobbar både ho og mannen, Morten Føyen, på Stord sjukehus.

– Eg ser fram til å bidra i utvikling av Stord sjukhus som lokalsjukehus og som ein viktig del av det totale sjukehustilbodet i Helse Fonna. For meg er det viktig at Stord sjukehus er ein god arbeidsplass for medarbeidarane og at vi har høg kvalitet på pasientbehandlinga, seier den påtroppande klinikkdirektøren.

Sunniva Austlid har over 20 års erfaring frå spesialisthelsetenesta og har erfaring som leiar på ulike nivå både frå UNN Tromsø og Stord sjukehus. Ho er utdanna intensivsjukepleiar og har i tillegg ein master i sjukepleie, klinisk forsking og fagutvikling. Ho har gjennomført leiarutviklingsprogram på UNN Tromsø og har fullført Helse Vest sitt toppleiarprogram.

 

– Viktig stilling for Helse Fonna

Administrerande direktør Anders Hovland er glad for at Austlid har takka ja til det han omtalar som ei viktig stilling for Helse Fonna. 

– Stord sjukehus har ein viktig funksjon i lokalmiljøet, og i heile føretaket. Eg har stor tru på at Sunniva blir ein synleg og trygg klinikkdirektør som er oppteken av å utvikle og skape resultat i samarbeid med andre, seier Hovland. 

Klinikkdirektøren er ein del av toppleiargruppa, som saman med resten av føretaksleiinga, skal bidra til å løysa det felles samfunnsoppdraget vårt. Klinikkdirektørane rapporterer til administrerande direktør. 


Klinikk for Somatikk Stord omfattar medisinsk avdeling, kirurgisk avdeling, føde- og gynekologisk avdeling, akuttmottak og anestesiavdeling og avdeling for rehabilitering. Stillinga inneber ansvar for ein klinikk med omlag 500 medarbeidarar. Klinikkdirektøren har totalansvar for klinikken, det inneber totalansvar for fag og kvalitet, personell, drift og økonomi.