
Med krona på: Kjell Magne Lie blei skikkeleg feira som årets sjukepleiar i Rogaland. (Alle foto: Eirik Dankel)
– Eg er i sjokk enno. Ingen hadde sagt noko til meg.
Det heile skjer i 5 Vest på Haugesund sjukehus. Ein svært overraska prisvinnar står på eit pauserom pynta til Årets sjukepleiar-fest. I rommet, og korridoren utanfor, står kollegaer. Dei ler, syng, klappar og står i kø for å gratulere.
Å bli satt pris på
Akkurat det handlar prisen om.
– Eg føler at eg blir satt så stor pris på, seier Kjell Magne.
– Dessutan trivst eg skikkeleg godt på jobb, og har så lyst til at fleire skal velje å jobbe i helsevesenet med alle moglegheitene vi har her.
Dette er andre året på rad ein sjukepleiar i Helse Fonna får prisen. Lene Stavland vann i fjor.

Kollegaene hadde laga eigen sang til årets sjukepleiar.
Kunnskap, formidling og så det der humøret
Din kunnskap og erfaring er formidabel, står det i notata til klinikkdirektør John Conrad Brandsø.
Det har gjennom årene gitt tryggheit til både leger, andre sjukepleiarar og ikkje minst pasientane.
«Du kan setje deg ned med pasientane og gjennom bilete forklare samanhengar mellom dei funn som føreligg og dei utfall pasientane har. For mange er dette ein enormt viktig og tryggande faktor», heiter det frå talen.
Gratulerer så mykje med dagen!

Vinnaren med beviset på at han er årets sjukepleiar i Rogaland.