– Eg seier som Pippi; Dette har vi ikkje gjort før, så det klarar vi heilt sikkert, sa statssekretæren lattermild til Mathiassen, før dei etter tur klatra opp i gravemaskinen. Dei fekk grave opp ei svær tue kvar frå sjukehustomta. Deretter blei det talar og kake i sjukehuskantina. I løpet av dagen blei det delt ut 1000 kakestykker til pasientar, besøkande og medarbeidarar.
Framtidas sjukehus
– No bygger vi framtidas sjukehus og derfor var det ekstra stas å få leiaren av Ungdomsrådet til å ta det første spadestikket, sa administrerande direktør Olav Klausen i sin tale.
– Det er jo ein historisk dag og ei ære for meg. Vi i Ungdomsrådet har blitt spurt om råd og innspel til nybygget og vi vil følgje byggeprosessen vidare, sa leiar i Ungdomsrådet i Helse Fonna Solveig Eline Mathiassen.

STOR ÆRE: Det var ikkje fritt for at leiar av Ungdomsrådet Solveig Eline Mathiassen var litt letta då ho kunne hoppe ned frå gravemaskinen igjen. - Dette er ei stor ære, sa ho.
Statssekretær Anne Grethe Erlandsen var den første gratulanten under markeringa. I sin tale la ho stor vekt på korleis nybygg legg til rette for betre behandling.
– Dette er ei av dei største investeringane i området, og bygget skal stå klart til innflytting i 2021. Det er forresten ikkje lenge til, sa statssekretæren og fekk ein lun og kanskje litt nervøs latter frå dei mange tilhøyrarane.
Ny kunnskap i nytt bygg
Arbeidet med byggegropa starta denne veka og i løpet av tre kommande åra skal ein både bygge om 6000 kvadratmeter av dagens sjukehus og ferdigstille 18 000 kvadratmeter nytt sjukehusbygg fyllt med avansert helseteknologi og ei rekke nyvinningar.
– Det er flott at Helse Fonna tar i bruk ny kunnskap i det nye bygget, mellom anna terapeutisk lys i fleire avdelingar, som akuttmottak og fødeavdeling. Ikkje minst er det spennande at ein av Helse Fonna sine eigne forskarar, Tone Elise Henriksen, har gjort viktig forsking på dette området.
Erlandsen trakk også fram planane om nytt akuttmottak der både psykisk og fysisk sjuke pasientar vil bli tatt i mot.
– Dette viser ein tanke om å sjå og behandle heile mennesket, for vi er jo heile mennesker med kropp og sinn, sa Erlandsen.
LES MEIR: Sjå bilder, teikningar og les om nybygget på www.helse-fonna.no/bygghaugesund2020