– Pasientane opplever at dei får god hjelp hos oss, seier sjukepleiar Siv Kolve Brattespe nøgd. – Søvn er viktig for helsa. Det gjer dette kjekt å jobbe med.
På søvnpoliklinikken ved Odda sjukehus hjelper ho og kollegaene pasientar med søvnapné til betre søvn.
– Ved søvnapné har du hyppige og lengre pustestopp gjennom natta. Mange veit ikkje sjølv at dei har det. Er du mykje trøytt, har hovudverk, snorkar eller å vaknar ofte om natta kan det vere teikn på søvnapné, forklarar ho.
Behandlinga startar med ei god natt søvn
Har du søvnapné, kan fastlegen din tilvise deg til Odda sjukehus for utgreiing og behandling. Pasientane kjem frå heile Helse Fonna-området. Opptil åtte om dagen når dei har søvnpoliklinikk
– Behandlinga hos oss starter med ei god natt søvn. Der registrerer vi kva som skjer med pusten din når du søv. Det fortel oss kva du treng. Dagen etter kjem du på poliklinikken, der vi tilpassar maske og apparat du skal bruke når du kjem heim. Mange opplever at dei søv mykje betre med dette og får ein annan kvardag.
Apparatet skapar eit lufttrykk som hindrar pustestopp, såkalla CPAP. Etter ei stund kjem pasienten tilbake til søvnpoliklinikken for oppfølging.
Vinn-vinn
Tilbakemeldingane Siv og kollegene får er gode. Både pasienten og familien merkar betring.
– Eg likar å seie, litt spøkefullt, at dette er vinn-vinn for alle i heimen, seier Siv. – Pasienten blir mindre plaga av trøttheit, hovudverk og anna dei opplever som følgje av søvnapné. Ofte er snorking eit problem for pasientane våre, og det blir det mindre av når dei får hjelp frå oss.