Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hemato-endo-infeksjon sengepost vann årets arbeidsmiljøpris

Litt overraskande, syns dei sjølv.

Eirik Dankel
Publisert 02.12.2016
Sist oppdatert 01.03.2024

Prisvinnarane av årets arbeidsmiljøpris. (Foto)

– Eg blei heilt skjelven når eg høyrde at vi vann. Dette hadde eg aldri trudd, seier funksjonsleiar Beate Sirnes Lyngstad med eit stort smil.  

På scena var også verneombod Lise Gjerstad Vestvik.

– Utrolig kjekt å vinne, sa ho med eit like stort smil.

Med på feiringa var også seksjonsleiar Sverre Kolbeinsen Lien

– Dette viser at vi har lukkas med den systematiske jobben vi har gjort for å ta vare på eit bra arbeidsmiljø, konkluderte han.

Med seg heim frå Edda Kino i Haugesund fekk hemato/endo/infeksjon sengepost 25 000 kroner som kan brukast til HMS-trivselstiltak etter eige ønskje, i tillegg til heider og ære, blomar og diplomet til å ha på veggen.

Gratulerer!

Difor vann dei

Administrerande direktør Olav Klausen leste opp følgjande grunngjeving før prisen blei delt ut:

AMU har eit sterkt ønskje om å stimulere til systematisk HMS-arbeid. Ein vil oppfordre kvar einskild eining til å sette seg mål for HMS-arbeidet, lage ein plan og jobbe målretta for eit godt arbeidsmiljø. Det gir dei beste resultata og det beste grunnlaget for søknad om arbeidsmiløprisen.

HMS-arbeidet skal vere ein integrert del av det daglege arbeidet. Alt som trekkjer i retning av ein velfungerande arbeidsplass, dreg også i retning av eit godt arbeidsmiljø. Vi vil ha helsefremmande arbeidsplassar, der ein har god flyt og der HMS-arbeidet er ein integrert del av drifta.

Vi har ein verdig vinnar også i år.

Helse Fonna sin arbeidsmiljøpris er på 25.000,- kr som kan brukast til HMS- trivselstiltak etter eige ønskje. I tillegg vankar det heider og ære, blomar og diplom til å ha på veggen.

Arbeidsmiljøprisen for 2016 går til ei eining som har vist at dei har tatt inn kva helsefremmande arbeid verkeleg er.

  • HMS-arbeidet framstår som ein integrert del av det å utvikle ei godt driven eining.

  • Eininga har eit godt systematisk HMS-arbeid, med stor bredde i tiltaka.

  • Dei har tatt fatt i svært mange faktorar som til saman dreg i rett retning.

  • Eininga har tatt i bruk dei verktøya som er gjort tilgjengelege i føretaket

    (til dømes kartlegging, jamlege vernerundar, sjekklister, synergimeldingar, rutinar for sjukefråværsoppfølging, kompetanseplanar etc)

  • Dei er også bevisste på kva som finns av ressurspersonar i og utanføre føretaket, og gjer bruka av desse (til dømes NAV og Bedriftshelsetenesta).

  • Dei har vist gjennomføringsevne ved bruk av målretta tiltak.

  • Søknaden viser prioritering av tiltak for trivsel og glede

  • Arbeidsmiljøet gir rom for aktiv medverknad. Alle drar lasset saman.

  • Søknaden vitnar om nøgde medarbeidarar som føler seg sett og verdsatt

  • Søknaden er skriven av leiar og verneombod saman