Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Fonna-pasientar gir toppscore til pasienttransporten

I ei fersk nasjonal undersøking gir Helse Fonna-pasientar klart betre score på transporttilbodet enn landsnittet. Dei er nøgde både med sjølve turen, informasjon og rettigheiter og service frå drosjesjåførane.

Publisert 10.01.2018
Sist oppdatert 01.03.2024

– Vi jobbar hardt for at pasientane skal få eit godt tilbod. Då er det veldig kjekt å få slik tilbakemelding, seier leiar for Pasientreiser i Helse Fonna, Margareth Blikra Sørensen.

Undersøkinga viser at pasientane i Helse Fonna totalt sett gir pasientreisetilbodet ein score på 4,9 på ein skala frå 1 til 5. Snittet nasjonalt er på 4,3. Og tendensen er den same gjennom heile undersøkinga: Pasientane i Helse Fonna er meir nøgde enn landsgjennomssnittet med både servicen frå sjåfør, med at dei kjem tidsnok til behandling og at dei opplever at rettigheitene deira er ivaretatt. 

80 450 pasientreiser i året

–  Vi organiserer 80 450 pasientreiser i året. Mange av desse turane er samkøyring, der sjåføren hentar fleire pasientar som skal til sjukehuset omtrent til same tid. Det krev god planlegging og dialog med både behandlarar i kommunen, sjukehuset og drosjesjåførane. Det er gledeleg å sjå at pasientane gir opplevinga av samkøyring ein score på 4,4 av 5 moglege, seier Blikra Sørensen.

margareth-sørensen-foto-stina-steingildra.jpg

GODT TILBOD: - Vi jobbar hardt for at pasientane skal få eit godt tilbod, seier leiar for Pasientreiser i Helse Fonna, Margareth B. Sørensen. Foto: Stina Steingildra 

Helse Fonna har også ein komfortabel buss som er tilrettelagt for både sittande og båreliggande pasientar. Busstilbodet Helseekspressen køyrer pasientar tur/retur Haugesund-Bergen alle kvardagene i veka. Pasientane som har reist med Helseekspressen gir tilbodet 5 av 5 moglege poeng.

Får god informasjon

– Pasientane er sjølvsagt opptatt av kva rettigheiter dei har og kva tid drosjen kjem. På spørsmål om dei får nødvendig informasjon på telefon gir dei oss i Helse Fonna toppscore. Servicen vurderer dei til 4,7 av 5 moglege, og 97 % svarar at dei i stor eller svært stor grad føler at rettigheitene deira er ivaretatt, fortel Blikra Sørensen.

Bare 3 % oppgir at dei har tatt kontakt med Pasientreiser for å klage.

– Her skulle vi sjølvsagt ønske at talet var null, men vi er nøgde med å ligge godt under landsgjennomsnittet på 5 %. Vi jobbar heile tida for å betre servicen, seier Blikra Sørensen. 

erin-hansen-foto-stina-steingildra.jpg

TOPPSCORE: Pasientane er særs nøgde med informasjon og service. Erin Hansen er éin av medarbeidarane på pasientreisekontoret som tar telefonen med eit smil.