Helse Fonna har tildelt avtale

På eit ekstraordinært styremøte i dag, den 7. september, vedtok styret i Helse Fonna å meddele tildeling av avtale for bygging av nytt sjukehusbygg i Haugesund til Veidekke Entreprenør AS.
Skisse for utbygging av Haugesund sjukehus

Det har vore sterk konkurranse om å få bygge det nye sjukehusbygget i Haugesund. Entreprenøren vann fram etter ei grundig evaluering. Bygginga vil starte på nyåret 2019. Grunnarbeida er i gang og dagleg blir det fyrt av salver for å gjere plass til det nye og topp moderne sjukehusbygget.

Du kan til ei kvar tid sjå framgangen i byggearbeida på helse-fonna.no

ByggHaugesund2020

I 2021 vil meir enn 18000 kvadratmeter med nytt sjukehusbygg stå klart. Der blir det mellom anna nytt felles akuttmottak for fysisk og psykisk sjuke, nye operasjonsstover, ny fødeavdeling og nytt topp moderne laboratorium. I tillegg skal det byggast intensiveining og observasjonspost.

Pasientane skal også ta i bruk ny avdeling for hjarte- og lungemedisin og avdeling for eldremedisin.

Etter at det nye bygget står ferdig i 2021 skal meir enn 6000 kvadratmeter av dagens sjukehusbygg utbetrast og rehabiliterast. Heile byggetrinnet med nytt sjukehusbygg, ombygging og oppgradering av dagens sjukehus skal stå ferdig i 2023.

Les meir om ByggHaugesund2020