– Så fint at vi endelig er i gang, gøy med så mange, var første reaksjonen til Elise Fredriksen. Ho er ein av ni medlemmar og har i tillegg vore med i planlegginga av ungdomsrådet.
Felles for dei engasjerte, og kanskje, i alle fall den ettermiddagen, litt spente ungdommane i alderen 15-21 år, er erfaring med eigen sjukdom eller det å vere pårørande til sjuke foreldre eller søsken.
Allereie frå starten har gruppa mange tankar om kva ungdomsrådet kan bidra med:
Vi ønskjer å vere eit forbilde for andre ungdommar som har utfordringar
Gjere ein forskjell
Gjere sjukehus mindre skremmande
Seie frå om kva som bør endrast i møtet med ungdom
Gi råd til legar og helsepersonell og halde foredrag der det trengs
Også for koordinatorane var dette ein litt spesiell torsdagsettermiddag.
– Fint å endeleg møte ungdommane, verkeleg ein flott gjeng med viktig erfaring, seier Sølvi Heimestøl, ein av tre koordinatorar.
– Eg er imponert over kor reflektert og klare dei er for oppdraget, og ser fram til å samarbeide med denne gjengen.
.jpg)
Ta kontakt
Har du oppgåver eller oppdrag, eller treng innspel frå ungdomsrådet? Ta kontakt med Sølvi Heimestøl.
FAKTA Ungdomsrådet
Helse Fonna ønskjer å gjere BUP, DPS og sjukehusa våre til ein betre stad for ungdom. For å lukkast med det er det viktig å høyre frå ungdom som har erfaring med helsetenesta.
Ungdomsrådet i Helse Fonna har ni medlemmar, der alle har erfaring frå sjukehus, som pasient eller pårørande. Det er i tillegg tre koordinatorar.
Kontaktperson ungdomsrådet: Sølvi Heimestøl.
.jpg)
Desse er med i Helse Fonna sitt ungdomsråd
- Elise Fredriksen
- Silje Røyrvik Helgesen
- Solveig Eline Mathiassen
- Siv Emberland
- Emily Hunter
- Marius Gravdal
- Madeleine Hjelmevoll
- Magnus Tofte
- Anders O. Kannelønning
- Emma Sofie Pedersen
Koordinatorar
- Gjertrud Vorre Andreassen (koordinator)
- Ellen Andreassen (koordinator).
- Sølvi Heimestøl (koordinator)
.jpg)