Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Har du "lappen"?

Brukar du medisinar, bør du ha ein lapp i lommeboka med ei liste over kva du tar. Det kan hindre feilmedisinering som kan få alvorlege konsekvensar.

Publisert 21.09.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

– Ei oppdatert og korrekt medisinliste er viktig av fleire grunnar, forklarar klinikkoverlege i medisin Bjørn Egil Vikse.

– For din eigen del bør du alltid ha oversikt over kva medisinar du tar og kvifor. Det er også veldig viktig viss du skal få nye medisinar eller blir lagt inn på sjukehus. Enkelte medisinar skal nemleg ikkje brukast i lag.

Konsekvensane kan vere store:

– Det er ganske vanleg å bli innlagt på grunn av feilmedisinering, seier Vikse. – Rot med medisinar kan gjere at du tar for mykje og blir dårleg av den grunn. Feil dose kan gjere at du ikkje får god nok behandling for sjukdomen du tar medisinar mot.

Portrett av Bjørn Egil Vikse, klinikkoverlege

MEDISINLISTE: Klinikkoverlege Bjørn Egil Vikse meiner alle som brukar medisin bør ha ei oppdatert medisinliste med seg, for eksempel i lommeboka. Foto: Stina Steingildra

Éin medisin, mange namn

Han forklarar at ein vanleg årsak til feilmedisinering ligg i namnet på medisinen – eller namna. Mange medisinar har nemleg fleire namn, noko dei færraste av oss har oversikt over.

– Ein medisin har sitt opprinnelege «medisinnamn» som er namnet på virkestoffet. I tillegg er det ofte fleire produsentar som lagar same medisin. Då gir dei sitt produkt eit eige produktnamn, seier Vikse.

Eit kjent eksempel er den smertestillande og febernedsettande medisinen paracetamol, som blir selt både som Pamol, Panodil, Paracet og Pinex for å nemne nokre få.

Gå gjennom alle medisinane med legen din
– Har du fleire pakkar heime med ulikt namn, er det fort gjort å tru at det er ulike medisinar og at du skal ta alle. Det er derfor det er så viktig å vite kva du skal ta og kvifor. Tar du mange medisinar, er det lurt å ta ein gjennomgang av desse med legen din for å få ei oppdatert liste, rådar Vikse.

​Dette bør medisinlista innehalde for kvar medisin:

​• Namn på virkestoff (det aktive stoffet i medisinen)
• Eventuelt produktnavn (salsnavn)
• Legemiddelform ( for eksempel tablett, kapsel, inhalator)
• Styrke (kor mykje virkestoff det er for eksempel i kvar tablett. Ofte oppgitt i milligram = mg)
• Dosering (for eksempel 1 tablett kvar morgon)
• Bruksområde (for eksempel blodtrykksmedisin)

​Eksempel:
• Norvasc (amlodipin) tablett 5mg. 1 tablett dagleg. Mot høgt blodtrykk.

Kjelde: helsenorge.no


Rydd i skapet

– Spør gjerne oss på apoteket om medisinar, smiler Siv Elin Hetland, avdelingsleiar ved Sjukehusapoteket Haugesund. Ho støttar Bjørn Egil Vikse sine tilrådingar om å ha ei eiga medisinliste.

– Når legen skriv ut medisinar til deg, rådar vi i tillegg alle til å spørje om tre ting: Kvifor skal eg ta denne medisinen, korleis skal eg ta den og kva skjer om eg ikkje tar den, seier Hetland.

Portrett av Siv Elin Hetland, avdelingsleiar.

RYDD SKAPET: Lever ubrukte og gamle medisinar til apoteket, oppmodar avdelingsleiar ved Sjukehusapoteket Haugesund, Siv Elin Hetland. Foto: Stina Steingildra

Ho oppmodar alle om å ta ei opprydding i medisinskapet – både av medisinar med og utan resept og  av kosttilskot.

– Alle medisinar og kosttilskot har ein utløpsdato. Etter denne datoen kan du risikere at produktet ikkje virkar som det skal, seier Hetland.

– Finn du medisinar som er gått ut eller som du ikkje tar lenger, lever dei til oss på apoteket. Ingen medisinar skal kastast i søppel, toalett eller vasken. Vi tar oss av trygg handtering av gamle medisinar, smiler ho.

På helsenorge.no finn du fleire gode råd om oversikt, oppbevaring og retur av medisinar.

Rydd skapet-kampanjen er eit samarbeid mellom Legemiddelverket, Apotekforeningen, Legemiddelindustrien (LMI) og Norsk Vann.