Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Glade vinnarar av Helse Fonna sin arbeidsmiljøpris

– Seksjonen har skapt trivnad, samhald og arbeidsglede, sa administrerande direktør Olav Klausen då han delte ut prisen. Dei glade vinnarane var seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Stord sjukehus.

Publisert 23.11.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Det var seksjonsleiar Herborg Tegle, funksjonsleiar Sigrid Berge Ottesen, funksjonsleiar Marianne H. Espeland og verneombod Henriette H. Hansen som tok i mot prisen for seksjonen sin. Prisen er ein diplom og 25 000 kroner.

Bildet viser vinnarane av arbeidsmiljøprisen 2017

GLADE VINNARAR: Frå venstre verneombod Henriette H. Hansen, funksjonsleiarane Sigrid Berge Ottesen og Marianne H. Espeland og seksjonsleiar Herborg Tegle.

Tegle takka for prisen og roste funksjonsleiarane og verneombodet både for innsatsen med å skrive ein god søknad og for det kontinuerlege arbeidet med arbeidsmiljøet i seksjonen.

– Eg trur det handlar om tre viktige ting: Å sjå kvarandre, å støtte kvarandre og styrke kvarandre, sa Tegle.

– I år fekk vi inn fem sterke søknadar til arbeidsmiljøprisen, og eg trur de skal vere ekstra nøgd med å vinne akkurat i år. Det er tydeleg at det blir gjort mykje godt arbeid på dette feltet i Helse Fonna, og de er eit eksempel til etterfølging, sa Olav Klausen.

Juryen si grunngjeving

Vinnaren i år kunne tydeleg vise korleis ein har fått HMS-arbeidet til å bli ein integrert del av arbeidskvardagen. I tillegg  har dei synleggjort at dei har klart å halde arbeidsmiljøet godt over tid.  Det gir signaler om kompetanse i det å implementere HMS.

Seksjonen har arbeidd svært systematisk med HMS. Dei har tatt i bruk både årshjulet for HMS-arbeidet og prioriteringstrekanten som verktøy.  Dei syner gode rutinar for sjukefråværsoppfølging  og godt samarbeid med NAV. HMS-handlingsplanen har vore i aktivt bruk. Avviksstatistikk/-meldingar vert handtert fortløpande, medarbeidarane er engasjerte og har forslag til tiltak. Meldekulturen har utvikla seg  i 2017.  Dei har vist eit bevisst forhold til ytre miljø. Viktigast av alt er det at seksjonen  gjennom godt  samarbeid mellom leiing, verneombod  og medarbeidarar har skapt  trivsel, samhald, arbeidsglede og engasjement i arbeidsdagen.