Gir lån til nytt sjukehusbygg

Helseminister Bent Høie og barne- og likestillingsminister Solveig Horne kom i dag med ei gladmelding til Helse Fonna. Nytt sjukehusbygg i Haugesund får lånefinansiering via statsbudsjettet. Dermed er det klart for spadestikk ved nyttår og investering for 1,8 milliardar kroner i første byggetrinn.

 

Det var på ei markering på sjukehuset dei to statsrådane kom med gladmeldinga. Samstundes tok dei første «kakestikk» for nytt bygg. Det nye sjukehusbygget i Haugesund er blant dei største investeringane som er gjort på land på Haugalandet gjennom tidene. I 2021 skal nybygget på 18000 kvadratmeter stå ferdig, deretter skal 6000 kvadratmeter av dagens Haugesund sjukehus byggjast om.

Solveig Horne og Bent Høie på Haugesund sjukehus. (Foto)

   To statsrådar

– Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2018 å  gi lån på 1,350 milliardar kroner til Helse Fonna, opplyste helseminister Bent Høie. Resten av byggesummen finansierer føretaket sjølve. Høie nytta høve til å takke alle medarbeidarane i Helse Fonna for innsatsen som blir gjort og den gode pasientbehandlinga.

 – Eg er svært takksam for jobben som medarbeidarane gjer, dette ligg til grunn for at det blir gitt grønt lys for ein storstila utbygging, sa helseministeren.

Solvieg Horne talar. (Foto)

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne gratulerte alle i regionen med dagen.

– Dette er viktig for pasientar, pårørande, medarbeidarar og alle som bur her, sa Horne. Ho påpeika at dette vil sikre framtidig god og profesjonell helsehjelp til alle på Haugalandet og i Helse Fonna regionen. Horne kunne fortelje at Haugesund sjukehus ligg hennar hjerta nært.

– Eg er sjølv fødd på Haugesund sjukehus og mor mi har arbeidd her, sa barne- og likestillingsministeren. Den store innsatsen som er gjort med å teikna og prosjektera nytt sjukehusbygg er grunnlag for finansieringa. Omlag 200 medarbeidarar har delteke i arbeidet med framtidas sjukehus.

Olav Klausen og Bent Høie. (Foto)

Nøgde direktørar

Administrerande direktør Olav Klausen er svært nøgd med bodskapen frå statsrådane. Han vil rette ei stor takk til alle medarbeidarane og brukarane som har gjort ei formidabel innsats.

– Dette gir ny giv for vidare utviking. Vi arbeidar kontinuerleg for å utvikle og sikre framtidig god helsehjelp for pasientane, seier Klausen. Nybygget er teikna med pasienten i sentrum. Mellom anna skal det bli felles akuttmottak for alle pasientane, inkludert dei med psykisk sjukedom eller rusavhengighet. Dette er vi det første sjukehuset i landet, seier Klausen.

Herlof Nilssen frå Helse Vest. (Foto)

Også administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, gratulerte med dagen og fortalte at dette er ein dag som ein har venta på.

– Behovet for nytt sjukehusbygg i Haugesund er udiskutabelt, vi er særs glade for at dette nå kommer på plass, sa Nilssen. Han la til at han har latt seg imponere av den jobben Helse Fonna har gjort ved utviklinga av ByggHaugesund2020 .

Laila Nemeth er prosjektleiar for ByggHaugesund2020. (Foto)

Moderne sjukehusbygg

I et nye sjukehusbygget er det gjort plass til topp moderne og fullautomatiserte laboratorium. Dette vil føre til raskare prøvesvar og redusert liggetid i sjukehus for pasientane.

– Pasienten er sett i sentrum for utviklinga og tenestene er utvikla for å sikre gode pasientforløp, seier prosjektdirektør Laila Nemeth. Ho fortel at det mellom anna bli bygd eit kvinne/barn senter, eit senter for hjerte- og lungemedisin og eit senter for aldersmedisin. Både akuttmottak, føde, intensiv og operasjon og observasjonspost skal inn i nybygg. Det vil bli betra adkomst til sjukehuset ved endringar føre hovudinngangen og det skal byggast takhagar og uterom.

– Prosjektet er i rute og vi gler oss til å halde fram, seier Nemeth. Ho er både glad og letta over at finansieringa er på plass. Då blir det byggestart etter plan i januar 2018.

Les meir om ByggHaugesund2020

Dei gode nyheitene blei feira med kake. (Foto)

Dei gode nyheitene blei feira med kake.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne og helseminister Bent Høie tok første kakespadestikk. (Foto)

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne og helseminister Bent Høie tok første kakespadestikk for det nye sjukehusbygget i Haugesund.

Bent Høie snakkar med medarbeidarar på Haugesund sjukehus. (Foto)

Laila Stensletten, leiar i Brukarutvalet, og Emma Sofie Pedersen frå Ungdomsrådet i Helse Fonna. (Foto)

Laila Stensletten, leiar i Brukarutvalet, og Emma Sofie Pedersen frå Ungdomsrådet i Helse Fonna.

Feira med kake. (Foto)