Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gir kunstgåve for å glede pasientar

Helse Fonna fekk i dag kunst for fleire hundre tusen kroner frå Naturkraft på Kårstø. Selskapet skal avvikle drifta til sommaren og hadde lyst til å gleda andre når dei nå er begynt å rydde lokala. Dermed får alvorleg sjuke pasientar som ligg på sjukehus i Odda, Stord og Haugesund vakker kunst å sjå på.

Margareth H. Langebro og Eirik Dankel (foto)
Publisert 21.09.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Bilete i ein vinduskarm. (Foto)

– Dei er ei glede for oss å gi til sjukehusa, seier administrerande direktør Bjarne Midtun Hervik i Naturkraft. Saman med økonomiansvarleg Tove Hanssen var han i dag på Haugesund sjukehus for å overrekke gåva.

Til alvorleg sjuke

Dei to ynskjer at alvorleg sjuke med til dømes kreft skal få gleda av å sjå på fin kunst og nydelege maleri når dei er til behandling. Dei vil gi eit blikkfang som kan hjelpe andre og har støtte i frå eit samla styre i Naturkraft om å gi den store gåva.

– Det er spesielt å gi ei gåve som vi eigentleg ikkje ynskjer å sjå igjen, seier Hervik og Hanssen. Dei håpar likevel at pasientane som er i sjukehus vil oppleve kunsten og maleria på ein god måte. Det er nok av rom og vegger til kunstutsmykking i sjukehusa. Bilete har pynta kontorlokala og fellesrom hjå Naturkraft på Kårstø i ti år. Nå blir det tomt på veggane før lokala skal rivast seint neste år.

Overrekking av bilder. (Foto)

Administrerande direktør Bjarne Midtun Hervik i Naturkraft og overrekte gåva til Olav Klausen, administrerande direktør i Helse Fonna.

Anerkjente kunstnarar

Blant gåvesamlinga er det fleire flotte bilete av mellom anna Britt Boutros-Ghali, av Kjell Pahr-Iversen og eit stort bilete som blei kåra til vinnaren av ein kunstkonkurransen ved opninga av Naturkraft i 2007. Dette er laga av haugesundaren Ivar Rudi. I dag blei eit av møteromma på sjukehuset fullt opp av nydeleg kunst, men det er berre midlertidig.

– Kunsten skal kome pasientane til gode, vi set stor pris på at Naturkraft tenkte på sjukehusa når dei ville dele kunsten med pasientane, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna. Han takkar for gåva og er trygg på at den vil glede. Bileta vil bli hengt opp på rom kor alvorleg sjuke får behandling i Odda, på Stord og ved Haugesund sjukehus.

Bilder som skal opp på sjukehusa. (Foto)

Snart skal desse, og fleire til, opp på veggane i pasientrom på sjukehusa i området vårt.