Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fysiske krav til nye ambulansearbeidarar skal førebygge skadar

Kvart år stiller nye ambulansearbeidarar opp i HIL-hallen i Haugesund. Der må dei gjennom tre fysiske testar før dei får si første vakt.

Eirik Dankel
Publisert 04.02.2021
Sist oppdatert 01.03.2024

Det er det fleire gode grunnar til forklarar Nelly Karin Oma, seksjonsleiar i ambulansetenesta.

– Vi veit at trening har førebyggande effekt på sjukdom og skader og ei helsefremmende effekt på blant anna vår psykiske helse. Yrket vårt er tungt og belastande for musklar og skjelett, og vi ser at tilsette med mange år i tenesta sliter med plager relatert til nettopp dette.

Bæring av båre (Foto)
Kanskje den tyngste - bære 80 kg på ei båre rundt ein bane på 200 meter i løpet av ti minutt.

– For å sikre helsa til våre medarbeidarar og vere trygg på at dei er i stand til å utføre jobben år ut og år inn, har vi som eit førebyggande og helsefremmande tiltak innført årlige fysiske krav også for våre nye tilsette som går inn i fast stilling, seier Oma.

Først i landet, også for nye medarbeidarar

Testane har vore gjennomført nokre år allereie. Tidlegare har det berre vore krav til at lærlingar og vikarar må bestå dei før si første vakt i ein ambulanse. Nytt av året er at også alle nye tilsette har krav om dette i arbeidsavtalen

– Så vidt vi veit er vi den første ambulansetenesta i landet som innfører årlege fysiske krav og vi håper fleire følgjer etter oss.

Løping (Foto)

Springe 1000 meter på fem minutt er eitt av krava.

Dette er krava

På lista til stasjonssjef Svein Oddvar Moen er det 21 namn denne februardagen.

–  Vi har også hatt testdagar i januar og skal ha ein til i mars, seier han. – Slik kan dei som treng å ta desse testane få det gjort, noko dei må før dei får vakter hos oss.

Bærestol (Foto)

Dei tre testane er

  • Springe 1000 meter på fem minutt
  • Bære ein mann i bærestol opp tre etasjar på åtte minutt
  • Bære 80 kg på ei båre rundt ein bane på 200 meter i løpet av ti minutt

Nicholas Charalambous er ambulansearbeidar i Vindafjord. No skal han hjelpe ein lærling med å gjennomføre bærestoltesten.

– Det er greitt å sjå at vi som er fast tilsette også klarer dette, seier han.

– Er du i fysisk grei form skal det gå fint. I vanleg teneste er det sjeldan vi for eksempel må springe ein kilometer eller løfte slik som no, men det er bra å vite at vi kan klare det.