Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forprosjekt byggjetrinn 2

Fekk godkjenning frå Helse Vest

Styret i Helse Vest RHF har godkjent forprosjektet til byggjetrinn 2 på Haugesund sjukehus.

Publisert 16.02.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Byggjetrinn 2 - Haugesund sjukehus - illustrasjon

Illustrasjon av byggjetrinn 2 i Haugesund.

Noko som betyr at framdrifta i neste byggjetrinn går som planlagt, og i tråd med det som styret i Helse Fonna HF vedtok i januar.

– Det er svært gledeleg at vi nå kan fortsette byggetrinn 2 ved Haugesund sjukehus, sjølv om ferdigstilling og innflytting i nytt bygg er utsett med to år, seier styreleiar Petter Steen jr..

Den vidare utbygginga har blitt justert i høve til årets statsbudsjett, og i høve til likviditet og investeringsevne. I praksis betyr det at entreprisen på hovudbygget blir skyvd i eitt år, og ombygging av midtblokka vil skje mot slutten av perioden. Heile utbygginga vil dermed vere ferdig i 2027, i staden for 2025, som låg i dei opprinnelege planane. Anbodet på riving er alt ute.

Kostnadsramma for byggjetrinn 2 er 1,032 milliardar kroner.

I vedtaket frå Helse Vest er det ein føresetnad at Helse Fonna sikrar at prosjektet er organisert og styrt slik at byggetrinn 2 kan gjennomførast innanfor kostnadsramma og med forventa kvalitet.

– Det er ein føresetnad at framdrifta i prosjektet blir styrt innanfor tilgjengeleg likviditet. Dersom planlagt økonomisk resultat i føretaket endrar seg negativt må det gjerast nødvendige tilpassingar i investeringsplanen. Helse Fonna må vidare sikre gode prosessar i eigen organisasjon for å hente ut driftsmessige gevinstar som bidreg til framtidig økonomisk og finansiell berekraft, heiter det i vedtaket.

Kontaktpersonar i saka

  • Styreleiar Petter Steen jr., telefon 90 01 95 39
  • Administrerande direktør Olav Klausen, telefon 95 23 16 37

Sjå også