Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Får ein million til innovativt videoprosjekt

Filmar som viser kvardagssituasjonar blir brukt i sosial ferdigheitstrening for barn og unge med autisme. Habiliteringseininga i Helse Fonna har no fått over ein million til å utvide prosjektet.

Stina Steingildra
Publisert 23.12.2016
Sist oppdatert 01.03.2024

– Det handlar rett og slett om å få og halde på vener, seier Siv Marie Øyjord og Ingeborg Halvorsen, initiativtakarane bak prosjektet.

– Barn med autisme har typisk vanskar med sosiale ferdigheiter. Videmodellering kan vere til stor hjelp og bety mykje for den enkelte, seier Halvorsen.

Med 680 000 kroner frå ExtraStiftelsen og over 300 000 over Helse Fonna sitt eige budsjett, er prosjektet no sikra vidare utvikling.

Et par kvinner smiler

FÅR FINANSIERING: Siv Marie Øyjord og Ingeborg Halvorsen er strålande nøgde med finansieringa frå ExtraStiftelsen og Helse Fonna. Foto: Stina Steingildra

«Kan eg få vere med?»

To ungar speler brettspel. Ei jente kjem bort og dunkar i bordet så brikkene veltar. Ungane blir irriterte og ropar at ho øydelegg for dei. Jenta blir lei seg og går. Men meinte ho verkeleg å øydelegge? Jenta ville eigentleg vere med, men klarte ikkje å finne ein god måte å nærme seg på. Filmen viser scenen igjen, men denne gong seier jenta «Det såg kjekt ut. Kan eg vere med neste runde?».

Det er slike korte filmar Øyjord og Halvorsen ved habiliteringseininga i Helse Fonna til no har fått laga seksten av. Med dei nye midlane kan dei nå målet om å lage 63 til, i tillegg til å utvikle ein app som skal fungere som eit heilskapeleg behandlingsverktøy. Tema for filmane er blant anna kommunikasjon, kjensler og regulering.
 – Internasjonal forsking viser at videomodellering er ein effektiv måte å lære ny og endre gamal atferd på, men det har mangla gode filmar på norsk. Det ville vi gjere noko med, seier Ingeborg Halvorsen.

Kan gi eit betre liv

John Conrad Brandsø, leiar for habiliteringseininga, kunne ikkje fått ei betre julegåve.
– Desse pengane gjer det mogleg å realisere planane våre, seier han, og er ikkje i tvil om at den eigentlege gevinsten er moglegheiten for eit betre liv for barn med autisme:

– Videomodellering har som mål å lære barna betre sosiale ferdigheiter. På lang sikt kan det gjere at barnet som vaksen har større sannsynlegheit for å kunne ha ein jobb og delta i yrkeslivet, seier Brandsø.

En gruppe mennesker som sitter sammen og smiler

JULEGÅVE: John Conrad Brandsø spanderte kake på teamet for å feire at prosjektet er sikra vidare finansiering. Foto: Stina Steingildra.

Målgruppa for dette prosjektet er barn med høgtfungerande autisme i alderen 6 til 18 år. Men Halvorsen og Øyjord meiner barn med andre diagnosar også kan ha nytte av det.

– Meistring skal styrke barna i kvardagen og førebygge utvikling av psykiske lidingar som følgje av einsemd eller vanskar med å handtere sosiale situasjonar. Slik kan videomodellering vere aktuelt også for barn med ADHD, sosial angst eller tourettes, seier Øyjord.

Filmane skal brukast i behandlingssamanheng med helsepersonell som har fått rettleiing i bruk av videomodellering. Les meir om videomodellering og sjå filmane her.
 

– Godt og viktig prosjekt

– Det er første gang vi peikar på eit innovasjonsprosjekt og gir midlar på denne måten, seier administrerande direktør Olav Klausen.

 – Vi tenkjer gjerne at innovasjon handlar om ny teknologi og oppfinningar, men det er også å bruke eksisterande kunnskap på nye måtar, slik som dette prosjektet. Det er også eit sterkt samhandlingselement her som gjer prosjektet godt og viktig, seier Klausen.

– Vi skal utvikle produkta i samarbeid med firmaet Psyktools, som vi kom i kontakt med via Designarena. Dette har hatt mykje å seie for at vi er der vi er. Eit offentleg-privat samarbeid med støtte frå Innovasjon Norge er ganske eineståande, seier John Conrad Brandsø.