Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Entusiastiske Målfrid

For nokre dagar sidan blei ho 69 år og er kanskje ein av dei eldste i faget. Dialysesjukepleiar Målfrid Tornes har ingen planar om å gi seg i jobben ho er så glad i.

Eirik Dankel
Publisert 02.03.2018
Sist oppdatert 01.03.2024
Sjukepleiar Målfrid Tornes (Foto)
For litt sidan blei ho 69 år, men kjekke kollegaer, kjekke pasientar og gode arbeidsoppgåver frister meir enn å bli pensjonist for Målfrid Tornes ved dialyseeininga i Haugesund.

Under tysdagsmøtet denne veka blei ho feira. Kollega Ben Hausken omtalar Målfrid som entusiastisk og ei som alltid stiller opp. Sjølv trekker ho fram kjekke kollegaer, kjekke pasientar og gode arbeidsoppgåver som grunnar til at ho stortrivst ved dialyseeininga ved Haugesund sjukehus. Og det er ikkje berre kollegaene som sett pris på Målfrid

– Det er fint når eg får høyre at pasientar spør «kvar er Målfrid» om eg ikkje er på jobb ein dag.

Set pris på dei grunnleggjande sjukepleiaroppgåvene

I eit rom fullt av medisinsk teknisk utstyr er det basale viktig, meiner Målfrid.

– Dei grunnleggjande sjukepleiaroppgåvene, som å sjå til at pasientane ligg godt, om dei treng litt ekstra støtte til beina eller baken, rett og slett at dei har det bra. Det liker eg. Og så er det jo ein del eldre pasientar her, kanskje eg forstår deira behov litt betre?

Kollegaer på pauserom. (Foto)

På tysdagsmøte blei Målfrid feira av kollegaene. 

Gir seg ikkje enno

Sidan 1970 har Målfrid Tornes jobba ved Haugesund sjukehus. Det har ho tenkt å gjere ei stund til.

– Skulle eg ha starta på ny, ville eg framleis ha blitt sjukepleiar. Noko anna kan eg ikkje sjå føre meg.

Arbeidskontrakten er allereie forlenga fleire gonger.

– Då eg skulle få ny arbeidskontrakt no spurde sjefen min om eg ville ha til eg var 70 eller 72 år. Då svara eg at denne sjansen får eg vel ikkje att, så eg tok sjølvsagt den som gjekk seg til 72 år, seier Målfrid og smilar.

Sjukepleiar og lege. (Foto)