Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endra tilbod for ROP-pasientar

Pasientar med rusutfordring og psykisk sjukdom som får behandling ved ROP-posten i Haugesund er dei første som byter adresse som følgje av ByggHaugesund2020. Posten har fem senger.

Margareth Langebro
Publisert 26.09.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

ROP-posten er i dag lokalisert i den lågaste delen av psykiatribygget i Haugesund. Som følgje av tryggleikssona må pasientbehandlinga flyttast når grave- og sprengearbeida startar like ved inngangsdøra seinare i haust. Innan 1. oktober skal pasientane få eit nytt og tilpassa tilbod kor behandlinga i stor grad går frå døgn- til dagbehandling.

- Vi etablerer ambulante- og polikliniske tenester for pasientgruppa ved DPS, seier direktør Kenneth Eikeset i klinikk for psykisk helsevern. Pasientar som er i behov av døgnbehandling vil få tilbod ved eksisterande DPS og sjukehuspostar i Helse Fonna. Eikeset påpeiker at endringa av behandlingstilbodet på sikt vil gi betre helsetenester til pasientgruppa. Fleire vil få hjelp og det blir tettare oppfølging av pasientane i kommunen.

Det er i dag 11 medarbeidarar som arbeidar ved ROP-posten. Neste veke får dei endringar i jobbkvardagen.

- Dette er særs dyktige medarbeidarar som vi har bruk for både i klinikken og i framtidig pasientbehandling. Ingen blir sagt opp, seier Eikeset. Dei aller fleste medarbeidarane har tatt imot tilbod om jobb på sjukehuset eller på DPS.

ROP-posten gir tilbod om kartlegging og utgreiing der det er mistanke om samtidig rus- og alvorleg psykisk liding.