Ein hund etter pasientar

Kongepuddelen Tango er på jobb. Han har arbeidsuniformen på og er klar for å treffe dagens pasientar saman med vernepleiar og dyreassistert terapeut Synnøve Skarpenes.

 

På alderspsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus tonar det siste salmeverset ut. Det er songstund og sjukehuspresten har tatt med gitar for å akkompagnere. Då den svære, svarte kongepuddelen Tango kjem inn, er det heilt stilt. Saman med Synnøve går han bort til næraste pasient.

– Vil du klappe han? spør ho, og ventar på svar før Tango får helse fint og be om kos. Røynde hender med mange spor klappar og stryk den krøllete og mjuke pelsen.

– Han er stor, slår pasienten fast. – Og han er veldig svart.

 
TEAM: Synnøve Skarpenes er vernepleiar og har vidareutdanning innan dyreassistert intervensjon frå Antrozoologisenteret ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. FOTO: Stina Steingildra/Helse Fonna

Positive til å tenke nytt

Synnøve Skarpenes har mange års erfaring med terapihundar. Då ho fekk jobb i Helse Fonna for eit par år sidan, tok det ikkje lang tid før ho fekk klarsignal til å starte opptrening av ein terapihund som skal vere eit supplement til den ordinære behandlinga. Synnøve skryt av leiarane i seksjonen og klinikken som har vore så opne for nye tankar.

– Eg blei positivt overraska over at det var så enkelt å kome i gang. Terapidyr er ikkje vanleg i det offentlege helsevesenet, og eg hadde trudd at eg måtte jobbe lenge for å få dette til. Tango er éin av bare to terapihundar som er i jobb i offentlege sjukehus i Noreg, så vidt eg veit.

Funksjonsleiar på alderspsykiatrisk, Turid Mattson, var positiv frå starten:

– Eg hadde høyrt ein del om terapihundar før, og visste at det var bra særleg for vår pasientgruppe. Nokon av dei kan vere urolege og forvirra. Hunden gjer at dei roar seg og får kost masse. Vi er opne for forskingsbaserte terapiar, og effekten av dyreassistert intervensjon er veldokumentert, seier ho.


LITT PÅSKEGODT: Tango er glad i godsaker. Litt hundeknask er god belønning for innsatsen. FOTO: Stina Steingildra/Helse Fonna

– Forsking viser at møte med dyr kan ha veldig positiv effekt, seier Synnøve Skarpenes.

–  Det aukar produksjonen av oxytocin, velverehormonet som også blir produsert når du får ein klem eller nokon stryk deg på armen, og det reduserer produksjonen av kortisol, eit hormon vi produserer meir av når vi er redde, engstelege eller stressa. I tillegg går både pulsen vår og blodtrykket vårt ned. Faktisk viste ein norsk studie med ti psykiatriske pasientar at denne effekten var målbar sjølv tre månadar etter at behandlinga med terapidyr var avslutta. Det er ganske oppsiktsvekkande, seier Skarpenes.

Ikkje ferdig utdanna

Det er framleis eitt år til Tango kan gå gjennom testen som vil avgjere om han er klar til å gå ut i full jobb. Inntil vidare blir han trent i å treffe ukjende, gå i heis og trapper, lye kvar kommando frå eigaren, og venne seg til at den raude arbeidsvesten betyr jobb. Då skal han halde fokus og ikkje la seg distrahere av anna enn kontakten med terapeut og pasient. Når han har passert to år, er han klar for den store testen. Den skjer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet, der Synnøve Skarpenes har vidareutdanninga si frå.

– Dei blir testa hardt, for dette er dyr som må tåle mykje. Testen er forskingsbasert og går ut på å utsette hundane for stress for å sjå om dei har tendensar til aggresjon i det heile tatt. Testane kan vere alt frå at dei må la seg klappe av framande, at ukjende tar maten rett vekk frå under snuten på dei eller at dei må vere saman med folk med utagerande kroppsspråk og lydar.

Funksjonsleiar ved alderspsykiatrisk post Turid Mattson ser fram til at Tango kan gå fullt inn i jobben som terapihund.

– Det har blitt enno kjekkare enn vi trudde på førehand, både for pasientar og vi som jobbar her. Når det gjeld vår pasientgruppe, er det ikkje alltid medisinar som fører fram. Det er samver, tid og relasjonar. Der passar Tango veldig godt inn.

Pasientar sendte takkebrev til direktøren

I dag er også administrerande direktør i Helse Fonna Olav Klausen med for å sjå når Tango er på jobb. Han fekk eit takkebrev frå tre pasientar ved avrusningsposten som hadde møtt Tango.

– Eg skjønte lite av brevet, for eg hadde ikkje høyrt om Tango før. Men eg blei jo veldig nysgjerrig, seier Klausen.

– Det var spennande og utruleg kjekt å sjå den kontakten hunden får med pasientane. Det var òg fint å få takke for brevet personleg, og eg forstår jo godt no kvifor hunden gjorde så stort inntrykk at dei ville skrive det, seier han.

 
IMPONERT: Administrerande direktør Olav Klausen er imponert over terapihunden Tango. Her saman med (frå venstre) vernepleiar og eigar Synnøve Skarpenes, funksjonsleiar alderspsykiatrisk Turid Mattson og funksjonsleiar avrusningsposten Katherine Lagos. FOTO: Stina Steingildra/Helse Fonna