Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ei solskinshistorie frå Karibien

Karlijn Cappendijk reiste frå Nederland til Karibien for å lære norsk. No trivs den unge legen på Stord sjukehus, og er i gang med spesialisering i kirurgi.

Publisert 13.01.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Er dei særleg gode på norskundervisning i Karibien, lurer du kanskje på. Ikkje eigentleg. Nederlandske Karlijn (uttalast «Kar-léin» med trykk på «éin») hadde utan hell forsøkt å finne ein veg inn i norske sjukehus. Ho reiste til den tidlegare nederlanske kolonien Bonaire for å jobbe i akuttmottak og drive sjølvstudium i norsk. Ein rein tilfeldigheit opna dørene til Stord sjukehus.

–  God lege og bra dame

– Eg hadde ein kollega som hadde høyrt om ein nederlandsk lege som hadde fått til det eg ville: Få jobb på eit norsk sjukehus. Dei var vener på Facebook og sette meg i kontakt.

Den nederlandske legen var Tjakko Blaauw, som kom til Stord for fire år sidan. Via omvegar fekk Karlijn moglegheit til å komme som hospitant til sjukehuset. Seksjonsleiar Anne Karin Fossdal forsto raskt at dei hadde skote gullfogelen.

– Karlijn har fått gode tilbakemeldingar frå dag éin. Ho er ein god lege og ei bra dame. Ho er nøyaktig, interessert og lærer raskt, seier Anne Karin.

Det er det lett å høyre på språket. Karlijn kom til Stord i juni, men intervjuet går utan problem på norsk. Frå å starte som hospitant har ho gradvis jobba seg opp. Då ho møter oss til intervju på den gamle operasjonsstova på sjukehuset, er ho akkurat ferdig med å assistere på ein operasjon. For no har den målretta 29-åringen fått vikariat som lege i spesialisering.

– Det er veldig vanskelig å bli spesialist i Nederland. Det er få stillingar og du må ha perfekt CV og helst ikkje noko livmor for å bli vurdert, seier Karlijn syrleg. Ho har bare godt å seie om det norske utdanningsløpet.
– Her passar dei på at arbeidsmiljølova blir følgt og at du får utført dei oppgåvene du skal.

– Eg har forstått at det er eit veldig trongt nålauge i Nederland, seier Anne Karin.

– Her i Norge får ein fast stilling, ein plan for utdanningsløpet og spesialistkomiteen har tilsyn med ordninga. Vi har nettopp hatt besøk av komiteen og dei var veldig nøgde. Det er ein stor fordel for oss at LIS-stillingane er faste, for då mistar vi dei ikkje når dei har teneste i Bergen eller Stavanger.

Et par kvinner iført hvite frakker og merker

TIL STORD FRÅ NEDERLAND: Karlijn Cappendijk trivs på Stord sjukehus. Anne Karin Fossdal er glad ho satsa på den unge legen som ville hospitere. Foto:Stina Steingildra


Applaus for nye ord

Men kvifor akkurat Norge?

– Eg hadde vore her på ferie eit par gonger. Eg likar naturen og at det er så god plass! seier Karlijn, som mellom anna er interessert i hestesport. Og korleis har ho det på sjukehuset? Svaret viser at ho har lært seg eitt av dei viktigaste konsepta i Norge: Kos.

– Det er veldig … koseleg! Folk er positive og alle blir glade når dei høyrer at eg kan norsk.

– Det oppstår spontan applaus når Karlijn har lært seg eit nytt ord, ler Anne Karin.

En mann i hvit frakk

I LOKALAVISA: Også Sunnhordland har fatta interesse for Karlijn, og hadde eit stort intervju på trykk 2. januar. Abonnentar kan lese saka her. Foto: Faksimile frå Bladet Sunnhordland.