Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Disputerte om eit av hjernens store mysterium

Cellene i nyrene våre er fulle av vasskanalar som spelar ei viktig rolle for regulering av urinens vassinnhald. Nyare forsking viser at vi har større konsentrasjon av vasskanalar i hjernen. Men kvifor har vi det og korleis fungerer dei?

Stina Steingildra
Publisert 14.09.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Det første spørsmålet har forskarane til no ingen svar på, bare teoriar. Det andre spørsmålet har Svein Erik Emblem Moe, lege i spesialisering ved øyre-nase-hals i Helse Fonna nettopp disputert for doktorgraden om.

Portrettfoto av lege Svein Erik Emblem Moe

– Det har vore veldig spennande. Dette er basalforsking, og det er der dei store framskritta i medisinsk forsking kjem. Det har vore gitt Nobelprisar på dette tema, seier Emblem Moe og siktar til fysikaren og molekylærbiologen Peter Agre som i 2003 fekk prisen for å ha oppdaga vasskanalane, såkalla aquaporinar.

– Nobelpris, altså? Er det der ambisjonane dine ligg?

– Hehe, nei. Ambisjonane er nok nådde med denne doktorgraden. Det kan vere eg vil forske meir seinare, det kjem an på kva moglegheiter som opnar seg. Men det er eit privilegium å få jobbe som lege. Eg får møte folk i sårbare situasjonar, og hjelpe dei.

– Tilbake til vasskanalane. Kva er dei og kva gjer dei eigentleg?

– Det fins ulike typar vasskanalar eller aquaporinar. Enkelt sagt gjer dei det mogleg med rask transport av vassmolekyl over cellemembranen. I nyrene er det lett å forstå kvifor vi treng dei, men hjernen har ikkje eit slikt behov for vasstransport. Derfor er det eit mysterium at vi har så store konsentrasjonar av vasskanalar i hjernen. Det fins ulike typar forklaringar, og éin teori er at dei reinskar hjernen for avfallsstoff medan vi søv. Men denne teorien har ein del fundamentale bristar, så det trur eg ikkje stemmer. 

Frå sommarjobb til doktorgrad

Emblem Moe gjekk forskarlina på medisinstudiet ved Universitetet i Oslo. Grunnlaget for ph.d-en blei derfor lagt i studietida. Behov for sommarjobb i 2004 blei ein noko tilfeldig veg inn til forskingsmiljøet som jobba med dei relativt nyoppdaga vasskanalane. Forskinga til Emblem Moe handlar ikkje så mykje om kva funksjon dei har, men meir om korleis dei fungerer og korleis vi kan regulere dei.

– Studier har vist at mangel på vasskanaltypen Aquaporin-4 i hjernen har beskyttande effekt ved hjerneødem og hjerneslag. I tillegg har pasientar med den spesielle MS-liknande sjukdomen neuromyelitis optica IgG‐autoantistoff mot Aquaporin‐4. Derfor har vi vore på jakt etter gode modellar for nedregulering av gener, seier Emblem Moe.

Lanserte eigen teori

– Vi har i vår forsking vist at det i rottehjernen fins seks ulike variantar av Aquaporin-4, og at enkelte av desse kan interagere på eit molekylært nivå. Vidare har vi funne ein rask biokjemisk metode for å studere Aquaporin-4 si evne til å danne store molekylære kompleks i levande organismar. Ved hjelp av immunhistologiske analyser har vi karakterisert kraftig Aquaporin-4-uttrykk i sansecellene som ligg i luktekolben under hjernens pannelapp og lansert teorien om at vasskanalane kan ha noko å seie for luktesansen. Det har seinare blitt vist at mus som manglar vasskanalar har nedsett luktesans, seier Emblem Moe.

– Ein slags samanheng med det du held på med no, spesialisering i øyre-nase-hals?

– Ja, det er nok det næraste eg har kome ein samanheng. Det hadde forresten vore eit interessant oppfølgingsprosjekt, seier Emblem Moe, som om få veker reiser til Bergen for gruppe 1-teneste.

– Men du kjem tilbake?

– Eg har fast jobb her og trivst veldig godt. Det er ein kjekk arbeidsplass med gode og dyktige kolleger, smiler den ferske doktoren.