Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digital sårbehandling er stor sukess

Pasientane slepp lange reiser, og både ventelister og kostnadar går ned. Digital oppfølging av pasientar med kroniske sår har mange fordelar, konkluderer Folkehelseinstituttet (FHI).

Publisert 15.07.2024
En person i hvit skjorte
Fleire konsultasjonar ved sårpoliklinikken er i dag digiale. Dette er ein fordel for eldre pasientar med lang reiseveg, men også for pasientar som slepp å ta fri for å møte på sjukehuset, seier sårsjukepleiar Isabella Stokka Landmark. (Foto: Stina Steingildra)

Alt dette er i mini-metodevurderinga av eit prosjekt i Kvinnherad og Ullensvang.

Rett stell i eigen heim

Gjennom prosjektmidlar har desse to kommunane testa ut digital heimeoppfølging av sårpasientar.

Ved hjelp av digital sårbehandling får brukarane sårstell av heimesjukepleiar i sin eigen heim, med sårteamet på Stord sjukehus som rettleiarar via skjerm.

Slik slepp eldre brukarar med kroniske, ikkje-helande sår å reise til sårpoliklinikken på Stord sjukehus for å få hjelpa dei treng. Og med god rettleiing av heimetenesta sikrast rett bruk av materiell og prosedyre.

Veldig bra for pasientane og kortare ventelister

Evalueringa til Folkehelseinstituttet syner som sagt at prosjektet har vore ein stor suksess. Gevinstane er mange og på fleire felt.

For pasientane er det mykje å hente, blant anna at digital sårbehandling truleg halverer risikoen for amputasjon. Vidare sparer dei tid og energi ved å sleppe å reise til sjukehuset. Dette kan også forenkle kvardagen til pårørande som slepp å ta fri frå jobb for å køyre til poliklinikken, og personell frå kommunane treng heller ikkje vere med.

For sjukehuset kan kostnadseffektiviseringa nyttast til å redusere ventelister og tilby hyppigare konsultasjonar for pasientar som har behov for det.

Mykje å spare

For sjukehusa er det også økonomisk gevinst. Med eit utgangspunkt på 20 brukarar, ti i kvar kommune, er det berekna at ein totalt sparar tre millionar kroner for Stord sjukehus.

Rett nok får kommunane ein total ekstrakostnad på om lag 300 000 kroner. Dette skuldast auka behov for bemanning, utstyr og transport. Til gjengjeld aukar også kompetansen i kommunehelsetenesta, meiner FHI.

Frå oppsummeringa til Folkehelseinstituttet

«Kostnadsvurderingane viste at sjukehuset vil kunne redusere sine kostnader med innføring av digital sårbehandling, som følgje av redusert konsultasjonstid per pasient, redusert bruk av sårmateriell og reduserte transportkostnader. Denne kostnadseffektiviseringa kan igjen nyttast til å redusere ventelister og tilby hyppigare konsultasjonar for pasientar som har behov for dette. Kommunane vil kunne få auka kostnader som følgje av auka behov for bemanning, sårutstyr og transportkostnader, men tiltaket kan føre til auka kompetanseheving på sår i heimetenesta. For pasientane vil digital sårbehandling kunne føre til at dei slepp ei lang og tidkrevjande reise til sjukehuset med fare for forverring av såret.»

Transport er også teke med i reknestykket:

«Dei fleste pasientane har samkøyring (drosje), eller blir køyrde av pårørande. Dei som er dårlegast, eller har lang reiseveg, kjem i ambulanse. Vi har valt å bruke 8000 kroner i transportkostnader per pasient i våre utrekningar», heiter det i rapporten.

Allereie lang erfaring

Å tilby digital sårbehandling er ikkje nytt. Sårpoliklinikken ved Stord sjukehus har gjennomført slike digitale konsultasjonar i mange år før samarbeidsprosjektet med Ullensvang og Kvinnherad kommune starta opp. 

Gjennom ei sikker videoløysing frå Norsk Helsenett gjennomfører sårpoliklinikken i dag 7-8 prosent av konsultasjonane digitalt.

– Talet er aukande og vi ønskjer at fleire skal få digital oppfølging, seier sårsjukepleiar Isabella Stokka Landmark.

– Særleg for eldre, skrøpelege pasientar med funksjonssvikt der det er krevjande å møte på sjukehuset for sårkontroll. Ofte har dei lang reiseveg og behov for både følge av pårørande og ambulanse til timen.

Men ho trekk også fram ei heilt anna gruppe.

– Digitale behandling er også eit godt verktøy for pasientar som sjølv kan gjennomføra videokonsultasjonen. Er dei i arbeid og slepp å ta fri, vil det jo vere svært tidssparande.

Vil gjere det betre kjent i kommunen  

Jobbar du i primærhelsetenesta og vil vite meir? Til hausten vil Stokka Landmark og kollegaene arrangere eit informasjonsmøte for nettopp deg.

– Mange kommunar i Helse Fonna-regionen kjenner ikkje godt nok til tilbodet med digital oppfølging, seier ho.

– Det vil vi gjere noko med.