Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt forskingsprosjekt:

Brukar anonymiserte data frå deg som pasient

Det vil berre bli brukt anonymisert og ikkje-sensitiv informasjon, men det er mogeleg å reservere seg.

Publisert 07.07.2023
Sist oppdatert 01.03.2024


Helse Vest IKT skal i samarbeid med helseføretaka på Vestlandet utvikla ein klinisk spesialisert språkmodell basert på Kunstig intelligens (*KI) teknologi. 

For å utvikle tenesta, må dei bruka anonymiserte data frå deg som pasient, som du kan reservere deg imot. 
 
KI for tekstevaluering kan gi mange moglegheiter i helsesektoren. For å innfri dette treng ein KI-språkmodellar som er spesialiserte på kliniske tekstar. Klinisk Norbert har som mål å utvikle automatiserte tekstanalysar som kan forbetre pasientbehandling, effektivisere sjukehusadministrasjon og sikre pasienttryggleik.  

Prosjektet er i samarbeid med Helse Vest IKT, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Førde og DIPS, i tidsrommet 2023 til 2025. 
 

Ikkje-se​nsitiv informasjon   

Som treningsdata bruker prosjektet anonymiserte setningar frå fri-tekst felta i pasientjournalar. Den ferdig trena modellen sjølv inneheld ingen treningsdata. Pasientjournalane som vert brukte er av årgang 2019, 2021, og 2022. 

Data vert henta frå alle fagområde og frå alle dei fire involverte helseføretaka. Det vil ikkje bli nytta verken sperra pasientjournalar eller sperra informasjon. 
 

Korleis vert ​tekstane anonymiserte?  

Namn, lokasjonar, kliniske institusjonar, datoar, alder, telefonnummer, e-post-adresser osv. vert erstatta av tilfeldige verdiar. Lange tekstar blir delte opp i fleire dokument.  
Det betyr at til dømes “Tysvær” kan verte erstatta av “Norheim”, “19.02.2013” kan verte erstatta av “05.07.2015” og “Erlend” kan verte erstatta av “Håkon”. 
 

Slik reserverer du deg​​​​​

Korleis reservere sine data imot bruk i prosjektet? 

Pasientar som ikkje ønskjer at anonymisert tekst frå deira pasientjournal skal verte brukt for trening av modellen, kan reservere seg mot det via sitt helseføretak ved å nytte eDialog.

  • Gå til eiga side for eDialog
  • I emnefeltet skriv du «Klinisk Norbert» og ditt personnummer
  • I tekstfeltet kan du nytte denne teksten: «Eg reserverer meg mot deltaking i prosjekt Klinisk NorBERT. Mitt personnummer er 123456 12345.»
  • Send eDialog og vi vil handsame din reservasjon. Merk, du vil ikkje motta bekrefting på reservasjonen. 
Tidsfristen for å reservere seg er 8. oktober 2023. Sidan datamaterialet skal vere anonymt etter innsamling, er det ikkje mogeleg å reservere seg etter denne datoen.

Vil du vite meir om prosjektert? Ta kontakt på e-post til KliniskNorBERT@ihelse.net.