Bli kvitt angsten på fire dagar

Stord DPS har nå starta opp behandling av angstlidingar i det såkalla 4-dagarsformatet. Behandlinga har vist å gi rask effekt for pasientar med panikkliding, sosial angstliding og tvangsliding.

– Behandlinga går over fire intensive dagar og handlar i hovudsak om at pasienten må eksponere seg for det som utløyser symptom, forklarar seksjonsleiar ved Stord DPS, Liv Åse Dybdal.
 
– Vi gjennomførte for første gong denne behandlinga for pasientar med panikkliding i november i fjor. I januar starta første gruppe for pasientar med tvangsliding og no kan vi også tilby denne behandlinga for sosial angstliding, seier Dybdal.
 
Stord DPS er med i eit nasjonalt nettverk av såkalla 4-dagarsteam, som er leia av Helse Bergen, der metoden er utvikla.  

 


Her kan du lese meir om behandlinga og om resultata.Lurer du på om dette er noko for deg? Ta kontakt med din fastlege for å få vurdert tilvising til oss.