Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Betre hjernetrim til slagpasientar

Fire år etter hjerneslaget opplever ho framleis framgang. Men livet vil aldri bli som før. No brukar Ruth Astrid Strand sine erfaringar til å betre opptreningstilbodet til andre slagpasientar.

Publisert 23.02.2018
Sist oppdatert 01.03.2024

ruth-astrid-strand-1-foto-stina-steingildra.jpg

VIL HJELPE: Ruth Astrid Strand har sjølv hatt hjerneslag. Ho bidrar med sine erfaringar som brukarrepresentant.

– Eg ser jo frisk ut. Det er framleis folk som seier til meg at «du må no ha hatt eit lite slag eller berre eit drypp», seier Strand. Kommentarane er nok godt meint, men Strand seier at slagpasientar kan oppleve det sårande.

– Det er som å bagatellisere hjerneslaget. Ein kan ha eit omfattande slag utan å få synlege skader, seier ho, og brukar seg sjølv som eksempel:

– Eg hadde eit aktivt liv med ein ansvarsfull jobb. No er eg utanfor arbeidslivet og har eit avgrensa sosialt liv. Dei usynlege skadene mine gjer at det stort sett bare er nær familie eg klarar å halde kontakt med.

Usynlege skader

Det er nettopp opptrening av såkalla kognitive funksjonar som har vore tema for eit nyleg avslutta prosjekt ved Stord sjukehus. Etter eit slag kan pasientar oppleve symptom som forvirring og uro, vanskar med å følgje med i samtalar og problem med hukommelsen og daglege gjeremål som å koke kaffi eller kle på seg. Dei kallar det usynlege skader, og dei kan gjerne vere vanskelegare å handtere enn dei fysiske.

– Når du ser frisk ut har ofte familie og venner dei same forventningane til deg som før slaget. Då er det tungt å oppleve at du heile tida kjem til kort, seier Synnøve Solberg. Ho er spesialergoterapeut ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Stord sjukehus og har vore leiar for prosjektet.

Rask behandling er avgjerande

Kjem ein raskt til behandling etter eit slag, kan ein vere heldig og ikkje få nokre skader i det heile. Kvart minutt tel. Men fleire får kognitive vanskar eller fysiske skader som lamming eller dårleg kontroll over armar, bein eller andre kroppsdeler. Tidleg og god rehabilitering er viktig for å få tilbake så mykje funksjon som mogleg.

Stord sjukehus tar i mot pasientar frå heile Helse Fonna og tilbyr spesialisert rehabilitering av både fysiske og kognitive skader. Dei fleste pasientane har hatt hjerneslag, men det er også pasientar som treng opptrening etter ulukker. Eit tverrfagleg team med fysioterapeutar, ergoterapeutar, sjukepleiarar, helsefagarbeiarar, logoped, legespesialist og nevropsykolog jobbar saman for å hjelpe pasienten til meistring.

– Med dette prosjektet ville vi betre tilbodet innan kognitiv rehabilitering, seier Solberg.

– Vi har valt å kalle det «hjernetrim» for å gjere det meir forståeleg for pasientar, pårørande og pleiepersonalet på sengepost, sjølv om det fagleg ikkje er eit heilt dekkande ord.

synnove-solberg-nett-foto-stina-steingildra.jpg

BETRE TILBOD: Spesialergoterapeut Synnøve Solberg og kollegene ville betre tilbodet innan kognitiv rehabilitering.

Betring med meiningsfulle aktiviteter

Rehabilitering skjer heile døgnet medan pasienten er innlagt på sengepost. Aktivitetene må leggast til tider på døgnet der pasienten er opplagt, og det kan gjerne vere ettermiddag og kveld.

– Vi ville heve kompetansen og gjere aktiviteter, prosedyrer og hjelpemiddel meir tilgjengeleg for personalet på sengeposten, fortel Solberg.

Kvar pasient har sin plan for oppholdet, og er sjølv med å definere sine mål. Aktivitetspermar, spel, kryssord og quiz er lett å få tak i for både pasientar og personalet. No er det enklare for personalet å følgje opp planen og legge til rette for meiningsfulle aktiviteter når det passar pasienten.

Opplever framleis betring

Kvar pasient har maks fem mål for at det skal vere overkommeleg for perioden, og måla er tilpassa pasienten sin tilstand.

– Det kan vere alt frå å lære seg å betale med kort i butikken til å hugse namnet på barnebarnet sitt, seier Solberg, og gir med det eit godt bilde på kor sårt det kan vere å møte sine næraste etter eit slag.

– Vi prøver å finne aktiviteter innan felt pasienten interesserer seg for. Det hjelper på motivasjonen, seier Solberg.

Ruth Astrid Strand opplever framleis framgang, fire år etter slaget. Tålmod er viktig for å meistre den nye kvardagen. No klarar ho mange daglege oppgåver, men det er vanskeleg å vere sosial når skadene gjer at hjernen blir bombardert med inntrykk. Å høyre på radio, gå på konsert eller kjøpesenter er aktivitetar ho helst må velje vekk.

– Eg kan ikkje gå på ting eg gjorde før. Hjernen min klarar ikkje lenger å filtrere inntrykk som bakgrunnsstøy, barnegråt og musikk. Folk spør om eg ikkje kjedar meg, for dei kjenner meg som ein aktiv person. Det dei ikkje forstår er at eg ikkje har kapasitet til å kjede meg lenger.

Ho håpar hennar erfaringar kan nyttast til å betre behandlingstilbodet til andre pasientar og til å skape forståing for kor vanskeleg det kan vere å møte det nye livet etter eit hjerneslag.


FAKTA: Dette er hjerneslag

  • Hjerneslag råkar rundt 15 000 nordmenn kvart år.
  • Slag kan vere ein blodpropp eller blødning i hjernen som gjer at deler av hjernen ikkje får blod.
  • Rask behandling er viktig for å redusere risikoen for varige fysiske og kognitive skader, og i verste fall død.

Mistenker du hjerneslag, kan du spørre den det gjeld om å gjere følgjande:

  • PRATE – prøv å sei ein enkel samanhengande setning.
  • SMILE – prøv å smile, le eller vise tennene.
  • LØFTE – prøv å løfte begge armane.

Ring 113 med ein gong viss personen har problem med å gjere éin eller fleire av desse oppgåvene.

Les meir på Helsenorge.no sine temasider om hjerneslag.