– Det er nødvendig å vere ganske tydeleg om kva budsjettvedtaket i dag inneber. Akuttkirurgisk beredskap ved Odda sjukehus har ikkje vore tema i dag og vil heller ikkje bli påverka av budsjettvedtaket, seier nestleiar i styret Brian Bjordal.
Han reagerer på den kraftige forenklinga i media, der mellom anna NRK Hordaland skriv at Helse Fonna kuttar dagen etter at ras førte til stengde vegar i Odda-området.
– Vi hadde ein beredskapssituasjon i går knytt til stengte vegar i Odda-området. Beredskapsleiinga plasserte ambulansebilar strategisk slik at ein hadde tilgang til områda på begge sider av stengte vegar. Å redusere senger ved sjukehusa i føretaket har ikkje innverknad på beredskapen knytt til slike situasjonar og altså heller ikkje på den akuttkirurgiske beredskapen, seier Bjordal.
Han understreker at budsjettet krev endring i heile føretaket.
– Utviklinga er slik at fleire pasientar blir behandla på dagtid og færre treng innlegging i sjukehus. Då må vi tilpasse drifta vår til dette. Eit samrøystes styre har derfor vedtatt å redusere i senger ved alle sjukehus, ikkje bare ved Odda sjukehus.

FRAMLEIS AKUTTKIRURGISK BEREDSKAP: Nestleiar i styret Brian Bjordal understreker at alle sjukehus i Helse Fonna vil få stramt budsjett i 2018 og at akuttkirurgisk beredskap ved Odda sjukehus ikkje er berørt av budsjettvedtaket.