Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Anders Hovland er ny administrerande direktør i Helse Fonna

Anders Hovland blei tilsett som administrerande direktør i Helse Fonna HF i eit ekstraordinært styremøte 5. desember.

Publisert 05.12.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Ny administrerande direktør 2022 - foto Eirik Dankel.jpg

Olav Klausen overrakte stafettpinnen vidare til Anders Hovland. (Foto: Eirik Dankel)

– På vegner av styret i Helse Fonna er eg svært fornøgd med at Hovland har takka ja til stillinga, seier styreleiar Petter Steen jr..  - Hovland si erfaring både som leiar, klinikar og forskar gjev eit solid utgangspunkt, og han har med det gode føresetnader for å leie helseføretaket framover. Helse Fonna står framfor store utfordringar, og kombinasjonen Hovland har av analytiske eigenskapar og stor arbeidskapasitet kjem godt med.

Anders Hovland kjem frå stillinga som administrerande direktør for Solli DPS i Bergen.

Hovland er utdanna psykologspesialist, og tok i 2013 ein doktorgrad på behandling av panikkliding. Anders har ei master i helseleiing frå London School of Economics frå 2019, og fullførte Solstrandprogrammet i leiing i 2022.

Før stillinga som direktør ved Solli var han tilsett som direktør for psykisk helse i International Consortium for Health Outcome Measurements (ICHOM) i London, og hadde før dette i fleire år rolla som fag- og forskingssjef på Solli Sjukehus. Han har erfaring frå klinisk arbeid både i Helse Bergen og på Solli, og har hatt ei bistilling som førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen sidan 2014.

Han har bidrege som forfattar på fleire internasjonale vitskaplege publikasjonar, og har vore med på å forfatta faglege tilrådingar, retningsliner for behandling og faglege bidrag nasjonalt og internasjonalt.

Han er 46 år gammal, gift og har fire barn. Han kjem frå Sandnes og Stavanger, og etter studium i Trondheim og Bergen har han dei siste 20 åra budd i Bergen.

Olav Klaussen melde tidlegare i haust at han ville fråtre stillinga som administrerande direktør i Helse Fonna og gå  over i anna stilling i føretaket, etter 11 år som direktør. No skal Klaussen gje stafettpinnen vidare. – Eg ser fram til samarbeidet med Hovland i dette skiftet, seier han. - Hovland skal bli tatt godt i mot av heile helseføretaket her, av ein organisasjon med dyktige og engasjerte medarbeidarar, på ulike fagfelt og med ulik arbeidsstad.