Akuttpostane vann Kvalitetsprisen 2017

Prosjektet for «riktig og redusert bruk av tvang» vann Kvalitetsprisen 2017 i Helse Fonna. Det er arbeidd kontinuerleg for å redusere bruk av tvang i behandling av akutt psyke pasientar. Ei belteseng er pakka ned som eit resultat av det gode arbeidet, ei anna er langt sjeldnare i bruk.

Utdeling av Kvalitetsprisen i Helse Fonna
Nestleiar i styret, Brian Bjordal delte ut årets Kvalitetspris.  Prosjektleiar Svein Lauknes mottok prisen på vegne av akuttpostane.

Prisen blei delt ut av nestleiar i styret, Brian Bjordal, i Helse Fonna i dag. Prosjektet vann i konkurranse med seks andre gode kvalitetsprosjekt som alle blei presentert på siste dag av Kvalitetsdagane i føretaket.

Vinnarprosjektet har oppnådd særs gode resultat. I dei to akuttpostane, på Valen sjukehus og ved Haugesund sjukehus, blei bruken av mekanisk tvang redusert med formidable 82% og 74%. Å nytte belteseng er rekna som mekaniske tvangsmidlar. Prosjektleiar Svein Lauknes mottok prisen på vegne av akuttpostane og roste medarbeidarane og funksjonsleiarane i postane for den jobben dei har gjort til beste for og i samtale med pasientane.

Mål om å halvere bruk av belteseng

Målsettinga i vinnarprosjektet var å redusere bruken av mekaniske tvangsmidler med 50 % for å få riktig bruk av tvang. Prosjektet har hatt stor merksemd nasjonalt og regionalt, blant brukarar og pårørande og i media. Helsedirektoratet har støtta prosjektet økonomisk.

Ei lokal arbeidsgruppe i Helse Fonna inkluderte brukarrepresentantar og hadde eigarskap til prosjektet. Og det er nytta ein kjent metode i arbeidet med å nå målet. Det er nå systematiske samtalar med pasientane for å finne gode tiltak ved uro. Pasientane gir sjølve innspel på korleis dei ynskjer å bli behandla dersom dei blir så sjuke at dei er til fare for seg sjølve eller andre.

Om kvalitetsprisen

Helse Fonna sin kvalitetspris blir delt ut til ein enkeltperson eller ei eining som kan dokumentere gode tiltak og resultat som fremmer kvalitetsutvikling.

Prisen skal gå til eit kvalitetsprosjekt kor målsetting, tiltak og resultat skal gå fram av søknaden. Ein eigen komitè med fagfolk vel ut vinnaren etter gitte kriterier. Prisen er på 40.000 kroner og diplom som eit synleg bevis på godt kvalitetsarbeid.

I samsvar med dette har komiteen lagt vekt på om kvalitetsforbetrings-metodikk har vært brukt. Teamarbeid, tydeleg målsetting, repeterte målingar og tiltak som blir evaluert og justert undervegs er sentrale element  i denne metodikken .