Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

25 år med dialyse på Stord sjukehus

Før måtte pasientane frå Sunnhordland reise til Haukeland universitetssjukehus tre gonger i veka. Men så flytta nyrelege Hans Olav Fadnes heim til Stord.

Publisert 21.09.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Stord sjukehus har i 25 år hatt tilbod om hemodialyse (HD og HDF) til pasientar med akutt og kronisk nyresvikt, og dialyseavdelinga har ope måndag, onsdag og fredag. Det er 6 behandlingsplassar og det blir utført rundt 1500 behandlingar årleg. 1 nyrelege har ansvar for dialysebehandlinga.

Tilbodet har spart pasientane for mange timar med reise, og samfunnet for store summar. Difor var det god grunn til ei lita markering denne veka.

dialyse1.jpg
 

Feira med kake: Sjukepleiarane Gloria Hansen (t.v.), Aud Marit Furre og Randi Høyvik er blant dei som bidreg til å halde det livsviktige tilbodet i gang på Stord sjukehus.

Lange dagar

Det heile starta i 1997, etter at Hans Olav Fadnes hadde flytta heim til jobb på dåverande Fylkessjukehuset på Stord i 1992.

–​ Før måtte pasientane til Haukeland, noko som kunne vera svært slitsamt. Eg har jobba med dialyse sidan slutten av 1960-talet, og då eg kom til Stord fekk eg spørsmål frå overlegen på nyreavdelinga på Haukeland om eg ville starte opp med dialyse på Stord. Då var det 7 pasientar som reiste fram og tilbake mellom Sunnhordland og Bergen. Eg gjekk opp til dåverande sjukehusdirektør Leiv Eskeland og spurde om lov, og fekk beskjed om å setje opp eit budsjett. Det var jo ikkje så vanskeleg å få til eit budsjett som gjekk i pluss, så då var det berre å starte planlegginga, fortel Fadnes, som i dag er pensjonert overlege, men som likevel steppar inn og tek ansvar når noverande nyrelege, Monica Christiansen, har ferie eller er vekke.

 

dialyse2.jpg

Nyrelegar: Hans Olav Fadnes starta opp tilbodet for 25 år sidan, og trør enno til når Monica Christiansen er vekke. Men no er to nye nyrelegar under utdanning, og kan bidreg til betre stabilitet dei neste åra.

Dei starta opp med 1,6 sjukepleiarårsverk, fordelt på fire personar, og kapasitet til 3 pasientar. I dag er det over 10 medarbeidarar som er med for å få drifta til å gå rundt, og dei kan ta 6 pasientar om gongen. Dvs. totalt 12 per dag, på to skift. På det meste har dei vore oppe i 16 pasientar, men for tida er det rundt 10 personar som kjem til dialyse. Dei kjem  inn fire timer tre dagar i veka.

– Før kunne det ta opptil tolv timar frå dei gjekk ut dørane til dei var heime att, så det er klart at å ha eit slikt tilbod lokalt sparar både tid og krefter, og ikkje minst så får pasientane auka livskvalitet, seier Fadnes.

Feira med kake​

22. september 1997 kunne dei ønskje første pasienten velkomen. Då sat dei trongt i eit lite rom. I 2002 fekk dei eit nytt og større lokale, like ved intensivavdelinga, og kapasiteten vart utvida. For ein del pasientar er dialyse ein mellomstasjon før transplantasjon, men mange får også livslang dialyse på lokalsjukehuset. Ofte er det eldre eller sjuke personar, som ikkje er i stand til å tole eit inngrep for nytt organ.

dialyse3.jpg
 

Kake: Dagen vart feira med kake til medarbeidarar og pasientar.

– I dag er teknologi og utstyr mykje betre enn på 70/80-talet, og pasientar kan gå til dialyse i mange år. Den som har gått lengst hos oss no har gått i ti år. Og når dei kjem her fire timar, tre gonger i veka, så blir vi godt kjende, kan du seie, skyt Monica Christiansen inn.

I Helse Fonna er det dialyse i Haugesund, på Stord, på Odda sjukehus og i Sauda, dei to siste som satellittar under Haugesund.

– Dei første åra var det berre dei store universitetssjukehusa som hadde slikt tilbod, men etter kvart som åra har gått, har det blitt meir og meir desentralisert, forklarar Fadnes.

Dette er dialyse​

Nyrene er blodet sin «reinsefabrikk». Dei utgjer berre 0,5 prosent av kroppsvekta, men kvart døgn kan det filtrerast opptil 180 liter væske gjennom kvar nyre. Det meste av væska går tilbake til blodet, medan avfallsstoffa blir reinsa og skilt ut gjennom urinen. Dialyse er ein metode for å reinse avfallsstoff og overflødig væske frå blodet når kroppen sin eigen reinsefabrikk har svikta, slik situasjonen er ved kronisk nyresvikt. Nyresvikt kan komme som følgje av diabetes, høgt blodtrykk, nyresjukdommar, eller det kan vere medfødd. Dialyse gjer det mogleg for pasientar med nyresvikt å leve eit aktivt liv, trass i sin alvorlege sjukdom. Tidspunktet for når ein bør starte med dialyse blir bestemt i forhold til nyrefunksjonen. Normalt starter ein med dialyse i god tid før nyrene heilt mistar sin funksjon.

– Pasientane reagerer svært ulikt på dialyse. Nokre er i deltidsjobb og kan gå rett på jobb etter at dei har vore her, og ein fjelltur på kvelden, medan andre er heilt utslitne, fortel Fadnes. Pasientane dei har no er mellom 39 og 87 år, og ein av dei fekk ny nyre då han var 13 år.

Dialyse på Stord. (Foto)

Tek tid: Tre dagar i veka, fire gonger kvar dag, sit dialysepasientane i stolen sin og byter ut væska i kroppen.

– Den beste behandlinga er sjølvsagt transplantasjon, og vår største motivasjon er jo å få pasientane ut herifrå og vidare i livet, fortel sjukepleiar Aud Marit Furre, som har jobba i «dialysen» nesten heilt frå oppstarten.

– Eg byrja her etter eit halvt år. Alle dei andre som var med i starten er no pensjonistar, fortel Furre, som gjennom desse åra har hatt delteke på nærare 30.000 dialysebehandlingar gjennom alle desse åra.

Organdonasjon​

Organdonasjon er berre mogeleg ved ein halv prosent av alle dødsfall i Noreg. Det er ei lang rekkje faktorar som avgjer om det er medisinsk og praktisk gjennomførbart. Blant anna må ein døy som følgje av ein hjerneskade ved eitt av landets donorsjukehus. I Helse Fonna er Haugesund donorsjukehus.

Årleg vert det gjennomført i overkant av 100 donasjonar i Noreg, noko som gjev rundt 400 organ. Det er viktig at så mange som mogeleg seier ja til organdonasjon, når ulukka er ute.

Denne veka er Donasjonsveke, i regi av Stiftelsen organdonasjon nedanfor. Mange av dei som ventar på ny nyre, ventar i årevis.

– Dei fleste får nyre frå familiemedlemmer, men det er strenge krav i høve til organdonasjon med levande givar. Dette fordi den som gir frå seg organet må tole det, slik at vi ikkje risikerer å få inn nye pasientar, forklarar Fadnes.

Men alle kan seie ja til å bli organdonor. Les meir om dette her:  Forside - Stiftelsen Organdonasjon

Skulle ein komme ut for ein sjukdom eller ulukke, og ein er aktuell for organdonasjon, vil dei pårørande få spørsmålet. Og det er kanskje ikkje alltid like lett å stilling til i ein slik situasjon.

– Det enklaste er jo at ein sjølv går inn på nettsida og melder seg som organdonor, men viss ikkje – snakk om dette heime! La det bli tema rundt middagsbordet. Dersom dei næraste veit kva ein vil, er det lettare å gje eit svar dersom ein slik situasjon skulle oppstår, er oppmodinga frå Aud Marit Furre.

Aud Marit Furre ved dialyseavdelinga på Stord. (Foto)

Erfaren: Aud Marit Furre har vore med nesten heilt frå starten, og har delteke på rundt 30.000 behandlingar desse åra. 

Det er nemleg to måtar å donere på:  Anten ved direkte dialog eller spørsmål frå ein nyrelege, eller fylle ut donorkort, til bruk i ein akutt situasjon.​