Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Organdonasjon
- Kan redde liv
I samarbeid med Helse Vest vart det arrangert 2-dagars kurs i organdonasjon på Haugesund sjukehus.
Publisert 20.01.2023
Sist oppdatert 13.09.2024
Nye tal frå Stiftelsen Organdonasjon viser at over 400 nordmenn står på venteliste for eit livreddande organ. Ein transplantasjon garanterer ikkje at pasienten blir heilt frisk, men det gir håp og moglegheita til å leve vidare. Ein donor kan redde fleire liv.
Kjelde: Stiftelsen Organdonasjon
Tverrfagleg kompetanse
– For helsepersonellet vårt er det difor viktig med auka kompetanse for donasjonsprosessen, seier Maria Huanca, intensiv- og donoransvarleg lege på Haugesund sjukehus. Vi har hatt eit tett samarbeid med dei donoransvarlege på sjukehusa i Helse Vest og med Noregs nasjonale transplantasjonsteam.
– Vi er stolte over å kunne presentere eit høgt fagnivå på kursprogrammet vårt. Det består av både innlegg med lokaleføredragshaldarar frå Helse Fonna, regionale frå Helse Bergen (HB) og Helse Stavanger (HS), og nasjonale frå Ullevål og OUS, fortset ho. Espen Eriksen, donoransvarleg sjukepleiar i Helse Fonna, har vore med på å arrangere kurset og er glad for å sjå at det bidrar til meir interesse og engasjement.
– Dette er stort, vi har fullt program med dei beste på fagområdet for organdonasjon. Etter at vi måtte utsette fleire gonger pga. pandemien er det skikkeleg stas at vi no kan gjennomføre seminaret, seier han.
Nasjonalt samarbeid
– Vi har lagt til rette for å gi deltakarane ein introduksjon til heile organdonasjonsprosessen. Frå avgjerda om donasjon blir tatt, til operasjon og vidare fram til ettersamtale med dei pårørarande så er dette ein utruleg kompleks prosess, fortel Huanca. Det er mange yrkesgrupper som er involvert utan at dei nødvendigvis har direkte samarbeid. Eg meiner at det er verdifullt for medarbeidarane å få ei «bevisstgjøring», eller betre forståing over kven som gjer kva undervegs Etiske spørsmål, systematisk kvalitetsforbetring, og sjølvstendig ansvar for helsepersonell er også tema for desse dagane. Og ikkje minst kvifor ting tar tid, påpeikar ho - Eit scenario med ein mogleg transplantasjon krev eit nasjonalt samspel.
I Helse Fonna er Haugesund sjukehus det einaste som er godkjent donorsjukehus. Det inneber å oppretthalde krav frå Helsedirektoratet om kompetanse til å starte ein organdonasjonsprosess. Medan det er eit donor-uttaksteam frå Oslo universitetsjukehus som kjem til sjukehuset for å hente fleire organ og fraktar dei vidare. Alle transplantasjonar blir gjennomført ved vårt nasjonale transplantasjonssykehuset, OUS Rikshospitalet. Les meir om organdonasjon