Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

2016: Eit godt år for Helse Fonna

Årets første styremøte handla både om å sjå bakover og framover: Årleg melding viser måloppnåing for året som gjekk, medan rapporten for Odda sjukehus skildrar framtidas lokalsjukehus. Begge blei presenterte for styret i dag.

Publisert 13.01.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

I Årleg melding må helseføretaket svare på om måla frå eigaren Helse Vest blei nådd i 2016. Måla gjeld både behandling, ventetid, pasienttryggleik, fagleg og organisatorisk utvikling og økonomi.  

Kortare ventetid og betre behandling

Årleg melding syner at 2016 på mange måtar var eit godt år for pasientane i Helse Fonna. Ventetida er gått ned i heile føretaket, både for pasientar innan somatikk, vaksenpsykiatri og barne- og ungdomspsykiatri. Dette er resultat av målretta arbeid med å tilpasse ressursar og tenestetilbod.

Auka satsing innan psykisk helsevern

Psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling er eit satsingsområde i spesialisthelsetenesta, og det er eit mål at det skal vere høgare vekst her enn i somatikken. Dei distriktspsykiatriske sentra og barne- og ungdomspsykiatrien skal prioriterast.

Helse Fonna har nådd dette målet for fleire område, og vil framleis jobbe mot høgare vekst i psykisk helsevern. Fagmiljøa i klinikk for psykisk helsevern har jobba målretta for å redusere bruk av tvang, og dei siste tre åra syner ei positiv utvikling. Det er gjort fleire tiltak for å komme tidlegare inn i sjukdomsforløpet til pasienten, mellom anna auka poliklinisk aktivitet, ambulante team som oppsøker pasienten og brukarstyre plassar, der pasienten sjølv kan legge seg inn til behandling. 

Kjem raskt til ved kreftmistanke

Heile 83 % av pasientane som blir vist til Helse Fonna frå fastlege med mistanke om kreft blir inkludert i pakkeforløp. Det vil seie at dei får rask innkalling til undersøking og at sjukehuset skal sette i gang behandling innan kort tid dersom det viser seg at pasienten har kreft.

Det er eit mål at 70 % av pasientane skal vere i pakkeforløp, og Helse Fonna innfridde dermed dette kravet for 2016. Helse Fonna har best måloppnåing på forløpstider for dei pakkeforløpa der heile forløpet er i føretaket, for eksempel pasientar med tjukk- og endetarmskreft. For pakkeforløp der pasienten får deler av behandlinga ved eit anna føretak, som Helse Bergen eller Helse Stavanger, er ikkje måloppnåinga like god.

Rapporten for Odda sjukehus på høyring

Styret fekk presentert rapporten som viser korleis Odda sjukehus kan styrkast og utviklast for å møte befolkinga sine behov for helsetenester. Rapporten er ei oppfølging av Nasjonal helse- og sykehusplan, som blei vedtatt i Stortinget mars 2016, og ein tilsvarande rapport for Stord sjukehus har allereie vore behandla i styret i Helse Fonna. 

– Det er gjort eit grundig og godt arbeid med rapporten for Odda sjukehus i lys av Nasjonal helse- og sykehusplan, og styret gir honnør til alle deltakarane i prosjektgruppa som har gjort ein stor innsats med eit veldig krevjande arbeid, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Styret tok ikkje stilling til innhaldet i rapporten i dette møtet, men vedtok at rapporten no skal sendast på høyring, slik også rapporten for Stord sjukehus blei det. Høyringsfristen er sett til 21. febuar. Høyringsinstansane er kommunar i Helse Fonna sitt opptaksområde, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar, brukarutvala i Helse Fonna og i Helse Vest, helseføretaka Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Førde. Rapporten vil også bli drøfta med dei tillitsvalde og behandla i arbeidsmiljøutvalet i Helse Fonna. Etter høyringa skal styra i Helse Fonna og i Helse Vest behandle og ta stilling til tilrådingane i rapporten.

Ein del av prosjektgruppa har sendt inn eit dokument med endringar dei meiner burde vere med i rapporten. Styret kunne ikkje sjå at dette var av ein slik karakter at rapporten burde sendast i retur for endring, men vedtok at rapporten blir sendt ut på høyring saman med dette dokumentet. 

All informasjon om høyringa finn du på www.helse-fonna.no/hoyringar  

Pasientane sitt behov styrer utviklinga

– Nasjonal helse- og sjukehusplan handlar om mykje meir enn akuttfunksjonar i sjukehus, sjølv om det er dette som har fått mest fokus, sa fagdirektør Haldis Økland Lier i sin presentasjon til styret. 

– Eg vil minne om at planen handlar om korleis ein kan tilpasse spesialisthelsetenesta etter pasientane sine behov. Vi får ei eldre befolkning med meir samansette sjukdomsbilde, og tilboda i både sjukehus og kommunar må vere rigga for å gi desse best mogleg behandling, sa Økland Lier.

Rapporten for Odda sjukehus er laga av femten representantar frå Helse Vest, Helse Fonna, kommunar, tillitsvalte, verneombod og brukarrepresentantar. Ein stor del av prosjektet har vore å få fram fakta om kva som er befolkninga sine behov, slik at ein kan gi tilrådingar om sjukehusets utvikling. Gruppa har derfor gått grundig gjennom aktiviteten ved Odda sjukehus dei seinare åra, for å finne ut kva tenester som blir mykje brukt og som det er behov for å styrkje lokalt og kva tilbod som bør bli gitt ved større sjukehus.

– Vi har gått gjennom rundt 1500 pasientjournalar, vi har kartlagt pasientstraumar og sett på samanhengen mellom kor pasientane bur og kva sjukehus dei reiser til for behandling, vi har sett på ambulanseoppdrag inkludert luftambulanse og vi har rekna på kva typar dagkirurgi og polikliniske tilbod det er grunnlag for å utvide ved Odda sjukehus, sa Haldis Økland Lier til styret.

Samde om styrking av tilbodet

I rapporten gir prosjektet tilrådingar på åtte punkt. Prosjektdeltakarane er samde om sju av desse punkta, som omhandlar tema som samarbeid mellom sjukehus, mellom sjukehus og kommunane, utvikling og styrking av tilbodet ved Odda sjukehus innan dagkirurgi, poliklinisk behandling og tilbod til eldre og kronikarar, rekruttering, leiing og IKT. På punktet om Odda sjukehus framleis skal ha akuttkirurgi er prosjektgruppa splitta og dei to gruppene har derfor levert kvar si tilråding på dette punktet. Begge tilrådingane inneber at Odda sjukehus framleis skal ha akuttfunksjon i indremedisin, anestesilege i døgnvakt, planlagt dagkirurgi og skadepoliklinikk.  

Etablerer ungdomsråd

Barn og unge mellom 12 og 23 år blir no inviterte til å bli med i Helse Fonna sitt ungdomsråd. Dei skal bidra til at Helse Fonna skal gi eit enno betre tilbod til barn og unge, anten dei er sjuke sjølv eller opplever sjukdom i nær familie.

Dei som søkjer om å vere med må har erfaring med korleis det er å vere ung i møte med sjukdom i sjukehus og ha lyst til å bruke sine erfaringar til å utvikle tilbodet. Les meir på www.helse-fonna.no/ungdomsradet

Betre tenester på nye helse-fonna.no

I haust fekk Helse Fonna nye nettsider. Målet er at nettsidene skal vere ein del av behandlinga ved å både gi pasientar og pårørande god informasjon og gjere det mogleg å utføre på nett ei rekkje ting ein tidlegare måtte ringe eller oppsøke sjukehus, apotek og fastlege for.

Kommunikasjonsrådgivar Stina Steingildra presenterte dei nye nettsidene for styret.

– På nye helse-fonna.no har vi gjort to tydelege løft for kommunikasjonen mellom pasient og sjukehus. Du kan logge inn for å sjå timane dine, sende oss meldingar, lese journalen din, sjå e-reseptane dine og mykje meir. I tillegg har vi starta eit stort arbeid med å enkelt forklare kva som skjer før, under og etter den undersøkinga eller behandlinga du skal ha på sjukehuset.

Til no er over 60 vanlege undersøkingar og behandlingar skildra, men målet er å inkludere alle.  

ByggHaugesund2020 - entreprisestrategi

Det nærmar seg at grunnarbeidene for nytt sjukehus skal starte. Styret diskuterte forskjellige strategiar for enterprise.