20 år med dialyse på Stord

I år er det 20 år sidan første dialysepasient fekk den livsviktige behandlinga på Stord sjukehus. Slikt må feirast.
 

Aud Marit Furre og kollegaen hennar Sølvi Nygård, tek denne fredagen vare på dei som er inne til dialyse. Flagg på bordet, ballongar og kake fortel at alt ikkje er som det pleier.

– Vi feirar bursdag, seier Aud Marit og smiler.

Det er ikkje reint få som har fått den viktige behandlinga av Aud Marit, Sølvi og dei andre på dialysen. Pasientane kjem fleire gonger i veka til ei behandling som tar over fire timar.

– Vi utfører 1400-1700 dialysar i året, 22 000 til no, forklarer Aud Marit. Ho tel vidare på fingrane.

– Når vi veit at vi reinsar 60-80 liter blod per behandling, skal vi sjå, då har vi reinsa 1,5 millionar blod i løpet av dei siste tjue åra. Det har blitt litt, konkluderer ho og ler.

– Du må våge å ta stilling til organdonasjon

Det er nyrefunksjonen som gjer at pasientane her treng dialyse. For mange av dei er det naudsynt å finne donor for å få ei ny nyre.

– Like viktig som feiringa er å få fram kor viktig det er med organdonorar. Eg vil oppmode alle om å ta stilling til det. Organdonasjon reddar mange liv og er livsviktig for pasientar hos oss – det gir dei et nytt liv.

Dette er dialyse

Dialysebehandling, metode for å fjerne avfallsprodukter, regulere kroppens vann- og saltmengder og balansere syrebalansen i blodet når nyrefunksjonen er sterkt nedsatt eller opphørt. Denne behandlingen er aktuell i påvente av en nyretransplantasjon, eller som alternativ dersom dette av en eller annen grunn ikke kan utføres. Dialysebehandling benyttes også ved forbigående akutt nyresvikt og ved enkelte forgiftninger. Det finnes flere former for dialysebehandling, bl.a. hemodialyse og peritoneal dialyse.

Kjelde: https://sml.snl.no/dialysebehandling

Foto frå dialysen på Stord. (Foto)