Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

15. november er Patologidagen – bli med på ei lang reise fortalt kort

Patologi har ei veldig viktig rolle innan kreftdiagnostisering. På laboratoriet i Haugesund undersøker dei årleg om lag 10 000 vev- og celleprøver.

Eirik Dankel
Publisert 15.11.2021
Sist oppdatert 01.03.2024

Fagansvarleg Berit K. Skogland og fagansvarlig ingeniør Hildegunn Hustveit og ved laboratoriet i H augesund. (Foto)
 

I dag er den internasjonale dagen for patologi. Her er fagansvarleg Berit K. Skogland og fagansvarlig ingeniør Hildegunn Hustveit og ved laboratoriet i H augesund. (Alle foto: Eirik Dankel)

Patologi er læra om sjukelege forandringar i celler, kalla cytologi, og vev, kalla histologi. 

– Gjennom makroskopi, framføring, støyping, farging og immunhistokjemiske analyser førebur bioingeniørane vevet og celler slik at patologane kan stille rett diagnose, forklarar funksjonsleiar Bettina Wachholz.

Laboratoriet for patologi har i år flytta frå U1 til heilt nye rom i femte etasje i nybygget i Haugesund. Ei relativt kort reise for dei som jobbar der, men reisa dei små vev- og celleprøvene tek – den er mykje lengre.

– Det er ikkje lett å skildre prosessen kort, seier Wachholz.

Men ho freistar. Bli med på ekspresstur gjennom laboratorium for patologi. 

Laboratoriet held til i femte etasje i det nye bygget i Haugesund.  (Foto)

Usikker på kven som jobbar der? Sjekk rett utanfor døra. (Foto)

Laboratoriet held til i femte etasje i det nye bygget i Haugesund. Usikker på kven som jobbar der? Sjekk rett utanfor døra.

Prøvem​ottaket

Helsesekretær Åse Lundal. (Foto)

​Først kjem prøvemottaket. Det er helsesekretær Åse Lundal som betener prøvemottaket og registrerer alle histologiske- og cytologiske prøver i vårt datasystem Unilab.

Her får kvar prøve får eit unikt nummer som følgjer preparatet.

Lundal kontrollerer at all vev er lagt i 4 % formaldehyd (formalin) for fiksering . Formalinmengda må vere minst 10 gonger vevets volum. Fikseringstida varierer frå minst 24 timer og opptil fleire døgn.

Preparat som blir dårlig fiksert kan deformerast slik at morfologien blir vanskeleg å vurdere.

Neste stop​p er makrouttak

​Sekretær Elin Lundekvam og patolog Ivana Jelicic tek ut prøvar på stor makro.  (Foto)

​Sekretær Elin Lundekvam og patolog Ivana Jelicic tek ut prøvar på stor makro. 

Fagingeniør Alma Andreassen og fagingeniør Ingunn Steinsvåg er på makrouttak for små makro.  (Foto)

Fagingeniør Alma Andreassen og fagingeniør Ingunn Steinsvåg er på makrouttak for små makro. 

På makrouttak gjer vi makroskopisk vurdering av vevsmaterialet. Vevet målast og beskrivast, og vi legg det inn i datasystemet som makrotekst.

Så veljer vi ut deler av vevet som leggast i forskjellige typar og forskjellig farga kassettar etter prioritering og vevstype.

For å gjere dette krevjast inngåande kjennskap til organets anatomi, og trening i å finne dei unormale områda det skal tas prøver frå.

Framfør​ing og støyping

Fagansvarlig Hildegunn Hustveit er på arbeidsprogrammet framføring og støyping,. (Foto)

Fagansvarlig Hildegunn Hustveit er på arbeidsprogrammet framføring og støyping, der dei forskjellige vevstypane blir prosessert vidare.

Framføringsinstrumentet dehydrerer prøvene – altså gjer dei fri for vatn –slik at vevet kan støypast i parafin.

Dehydrering skjer ved hjelp av aukande konsentrasjon av etanol. Alt etter vevstype og størrelse (biopsi, fett og storsnitt) tek denne prosessen mellom 15 og 22 timar. Prosessen er automatisert.

Dagen etter tek vi preparata ut av framføringsmaskinen og dei er no klare til innstøyping. Prøvene orienterast og støypast i parafin. Etter innstøyping kallar vi kassetten ei blokk.

Tid for sni​tt

Fagingeniør Faustina Asare snittar blokkene. (Foto)

Fagingeniør Faustina Asare snittar blokkene.

Blokka blir igjen snitta til mikrometer tynne snitt. Men før dei kan kan snittast, må blokka ligge på ei fryseplate i fleire minutt. Kalde blokker er nemleg betre å snitte og det er lettare å få pene snitt.

Blokka med prøven ligga festa til mikrotomen under kniven. Her skjærer bioingeniøren 3,0 mikrometer tynne snitt (1 mikrometer = 0,001 millimeter!). Snittet leggast i vatnbad for å få strekt det ut og plasserast deretter på eit objektglas.

Deretter blir alle snitta farga med HE-fargemetode (Hematoxylin Eosin) og glasa forseglast deretter med eit dekkglas.

Endeleg klare til ​patolog

Ei prøve skal altså gjennom ganske mange steg før ho er klar for levering til patolog. No, når ho er det, mikroskoperer patologen snitta, bedømmer, beskriver og setter ein diagnose.

Ein stor del av prøvane er unormale og komplekse tilstander. Patolog kan etterbestille forskjellige spesialfargar for å bekrefte ein diagnose.

Immunhistok​jemi

Fagingeniør Therese Haugsgjerd. (Foto)

fagansvarleg ingeniør Trude Grannes. (Foto)

Fagingeniør Therese Haugsgjerd og fagansvarleg ingeniør Trude Grannes har ansvar for fagområdet immunhistokjemi.

I tillegg til det du allereie har lest om, bestillast det diverse immunhistokjemiske analyser på laboratoriet i femte etasje.

Immunhistokjemi nyttast til hjelp ved usikre eller unormale tilstandar og baserer seg på antigen- og antistoffreaksjonar. Vi kan altså spesifikt påvise om eit antigen er tilstade i vevet – noko som kan avkrefte eller bekrefte ein sjukdomstilstand.

Med immunhistokjemi kan vi også gi eit nærare svar på kva undertype av forskjellige krefttypar pasienten har. Det vil ha betyding for kva slags behandling pasienten skal ha.

Ei lang reise

Så, reisa til prøva er ganske lang. Hang du med heilt til slutten?

Patologi er omfattande og livsviktig for å sikre rett behandling til dei som treng det. Takk for jobben de gjer og gratulerer med dagen!