Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

– Utruleg spennande å vere med å bygge sjukehus

Stordabuen Even Grov er klar i talen. Det har vore spennande, travelt og utfordrande å vere med å bygge nytt sjukehusbygg i Haugesund. Han er med på å skrive historie i Helse Fonna og har berre godord å seie om det formidable arbeidet som går føre seg.

Margareth H. Langebro
Publisert 19.07.2021
Sist oppdatert 01.03.2024
Even Grov. (Foto)

Grov har vore byggeleiar for opparbeiding av tomta og er nå byggherreombod for betongarbeidet. I oktober skal etasjeskilla for dei sju nye etasjane vere på plass og då takkar den erfarne bygningsmannen for seg.

Han har vore innleigd i Helse Fonna sidan hausten 2017 frå eit privat firma for å sikre at byggegropa til det nye sjukehuset er utarbeidd etter plan. Når tomta var ferdig opparbeid tidleg 2019 var det viktig å sikre at alle hulldekkene kom på plass.

Tonnevis med betong utgjer golv og vegger i det nye sjukehuset. Dei siste elementa vil vere på plass før jul.

Enorm mengde med masse

Det er frakta ut heile 52 000 kubikkmeter masse i frå byggegropa siden arbeidet starta. Det tilsvarar 5800 lass på lastebil eller like mykje som om du skulle grave ut for 100 einebustadar.

Det er store dimensjonar når det skal byggast nærare 20.000 kvadratmeter nytt og avansert sjukehusbygg.

– I alt har 35-40 arbeidarar vore engasjert med å klargjere byggegropa, seier Even Grov. Funn av gamalt sprengstoff gjorde arbeidet litt vel spennande ein kort periode i fjor haust.

Det viste seg at nokon hadde gløymd å rydde etter ein tidlegare sjukehusutbygging. Ei rekke sikringstiltak blei starta og alt løyste seg til det beste.

Grov smiler og har hjelmen trygt på hovudet. Sprengingsarbeidet i byggegropa er utført til forventa tid og kvalitet, og innan krava til rystelsar for både eksisterande sjukehus og nabobygg.

Han har også vore byggeleiar for arbeidet ved inngangspartiet til Haugesund sjukehus og er takksam for det tålmodet som besøkande og tilsette har vist. I dag er det berre lovord å høyre om nytt køyremønster og ny minipark framføre sjukehuset.