– Utan Kjellaug kunne vi ikkje hatt noko sårpoliklinikk

Etter årelang innsats for sårpoliklinikken ved Stord sjukehus er sjukepleiar Kjellaug Stautland Eide heidra med Eldsjelprisen. – Dette såg eg ikkje kome, seier ein audmjuk prisvinnar.

Publisert 20.02.2018
Sist oppdatert 01.03.2024
– Det er stas at nokon legg merke til arbeidet vi har gjort med å bygge opp sårpoliklinikken på Stord sjukehus. Prisen viser at vi har gjort noko som betyr noko for mange pasientar, seier Kjellaug Stautland Eide, som heller snakkar om «vi» enn «eg».
 
– Eg må få seie at eg deler denne prisen med kollegene mine. Vi jobbar i team og lærer av kvarandre heile vegen, seier Kjellaug Stautland Eide.
 

– Ho ser heilskapen i behandlinga

Eldsjelprisen blir kvart år delt ut av Norsk interesseforening for sårtilheling (NIFS). Prisen har to gonger titdlegare gått til medarbeidarar i Helse Fonna, overlege Bodo Günther og sjukepleiar Asbjørg Gautesen. Bodo Günther er éin av mange kolleger som jublar for tildelinga.
 
– Eg er personleg glad for at ho fekk prisen, for ho er ikkje typen til å marknadsføre seg sjølv. Desto hyggelegare at NIFS ser hennar innsats for sårbehandling i Noreg, seier han.
 
–  Kjellaug har vore med sidan oppstarten i 2009, så ho er ein av «gründerane» bak sårpoliklinikken. Ho ser meir enn bare såret, ho ser heilskapen i behandlinga og er opptatt av at pasienten skal kjenne seg ivaretatt. Utan sjukepleiarar som Kjellaug kunne vi ikkje hatt noko sårpoliklinikk, slår han fast.
 

–  Sårpasientar er ei forsømt gruppe

–  Eit kronisk sår er ein alvorleg diagnose. Pasienten er ofte bekymra, redd for infeksjon og i verste fall amputasjon. Det kan få store konsekvenser om dei ikkje får rett hjelp, seier Kjellaug Stautland Eide.
 
– Pasientane blir trygge når dei ser at vi har god kunnskap og faktisk kan hjelpe dei.
 
Då sårpoliklinikken ved Stord sjukehus starta opp, fekk dei inn pasientar som hadde hatt opne sår i fleire år. På sårpoliklinikken fekk dei endeleg rett hjelp og tett nok oppfølging til at såra kunne lækje. For mange betydde det også å få tilbake livskvaliteten.
 
– Det var svært motiverande å sjå gode resultat og takksame pasientar, seier Stautland Eide.
 

Til inspirasjon for andre

– Sjukepleiarar som jobbar med sårbehandling arbeider i grenseland mellom tradisjonelle sjukepleieoppgåver og legeoppgåver. Kjellaug er ein inspirasjon for andre til kva som er mogleg å få til fagleg, seier Bodo Günther.
 
–  Prisen betyr mykje for oss andre på Stord også.  Vi er stolte og dette gir oss litt luft under vingene.