Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Vald i nære relasjonar

Velkommen til ein fagdag om eit viktig og krevande tema for alle som jobbar med barn og unge.

21.
januar
2025
  1. 21. jan. 2025, 08:30 - 15:30

Tid og stad

Når

  1. 21. jan. 2025, 08:30 - 15:30

Kvar

Tysværtunet eller digitalt.

Om fagdagen

Fagdagen arrangerast av avdelingar som jobbar med barn og unge i Helse Fonna: Barneavdelinga, HABU, Familieambulatoriet og BUP Fonna i samarbeid med FOUSAM og med støtte fra Statsforvalteren i Rogaland.  Det søkast om godkjenning frå NPF og DNLF om å få godkjent kurset som vedlikehaldsaktivitet.

Dagens hovudforelesar har personar med autisme og utviklingshemming som sitt fagfelt og tar utgangspunkt i det i sin forelesning. Fagdagen er likevel retta mot tilsette i alle tenester og ikkje spesifikke målgrupper, då innhaldet vurderast å vere nyttig for alle som jobbar med barn og unge. 

Program

  • 08.30- 09.00 Registrering. Kaffe/te 
  • 09.00-09.05 Velkommen til fagdag - Arrangørens 5 minutt 
  • 09.05-09.20 Annelin Steinsnes presenterer prosjektet ‘Barn under radaren’ 
  • 09.20-10.05 Arvid Kildahl «Personer med autisme/utviklingshemming og vold: Mer utsatte og mer sårbare»  
  • 10.05-10.25 Pause 
  • 10.25-11.10 Arvid Kildahl forts. 
  • 11.10 – 12.00 Lunsj 
  • 12.00-12.45 Arvid Kildahl «Personer med autisme/utviklingshemming som voldsutøvere»  
  • 12.45-13.00 Pause 

Del II – Tenestene som jobbar med barn som er utsett for vald

Kva er viktig for samarbeidet mellom tenester? Kva skjer når det meldast om/oppdagast vald/rus i heimen? Kva er det viktig at hjelpeapparatet hugser på?

  • 13.00-13.40 Barnevernstaenesta i Haugesund kommune v/ Ragnhild Hustvedt og Hanne  Vikingstad 
  • 13.40-14.15 “Møte med barn som lever i familier der vold er en del av hverdagen" v/ Hilde Solland Plassen, Politiet 
  • 14.15-14.30 Pause 
  • 14.30-15.30 Samhandling på tvers av tjenester. Relasjonsbygging. Hvordan dempe symptomtrykket. 
    Randi Orhammer, Familievernkontoret.  

Praktisk informasjon

Du kan delta ved oppmøte i Tysværtunet eller digitalt.

Pass på å bruke riktig lenke for påmelding. Påmeldingsfrist 10.01.25 

  • Oppmøte i Tysværtunet inkl. lunsj: 250 kr pp. Husk å melde frå om allergiar. 
  • Digital deltaking: 200 kr.  

Dei som melder seg på digital forelesning kan inkludere kollegaer i same påmelding, altså fleire kan sjå saman utan å betale for kvar enkelt. Det sendast ut kursbevis til dei som har meldt seg på. 

Parkering

Ber om at alle nyttar parkeringsplass på sørsida av Europaveg 134. Denne er gratis. 

Førelesarane

Annelin Steinsnes

Avdelingsleiar Helse Fonna, Mottaksavdeling, Klinikk for medisin Haugesund og Odda 

Arvid Nikolai Kildahl

Spesialist i klinisk vaksenpsykologi. Han avla PhD på temaet post-traumatisk stressliding hos vaksne med autisme og utviklingshemming ved Universitet i Oslo, 2021, og har seinare forska meir på traume, overgrep og traumeliding hos menneske med autisme og utviklingshemming. Til dagleg er han tilsett som forskar ved Nasjonal kompetanseteneste for utviklingshemming og psykisk helse og Nasjonalt kompetansesenter for nevroutviklingsforstyrring og hypersomniar (NevSom), begge Oslo universitetssjukehus. Han forskar på ulike problemstillingar som gjelder psykisk helse hos personar med autisme/utviklingshemming og er spesielt opptatt av komplekse/samansette problemstillingar og strategiar for å gi likeverdige psykiske helsetenester til personar i desse gruppene. 

Ragnhild Hustvedt og Hanne Vikingstad

Barneverntenesta i Haugesund kommune. Ragnhild Hustvedt er Fag- og kvalitetsansvarleg og Hanne Vikingstad er avdelingsleiar for avdeling for melding, undersøking og tiltak. Begge er utdanna sosionom, og har lang erfaring frå kommunal barnevernsteneste der dei har hatt ulike stillingar.  

Hilde Solland Plassen

Politispesialist TA/ SA Sør-Vest politidistrikt, FEE Person Nord                          

Randi Orhammer

Familievernkontoret Haugalandet. Randi Orhammer er Familieterapeut, og har sidan 2018 vore Daglig leiar ved Familievernkontoret Haugalandet. Ho er sertifisert i Emosjonsfokusert terapi gjennom Susan Johnsons Institutt ICEEFT (International Center for Excellence in Emotionally Focused Therapy) i Canada. Ho er også sertifisert EFT-rettleiar, og har særleg fordjupa seg i parterapi.