Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meldingar til kommunane

Sjukehus og primærhelsetenesta skal samarbeide slik at pasientane i større grad opplev samordning, kontinuitet og fagleg god kvalitet gjennom heile pasientforløpet.

For å komme utfordringa i møte har Helse Fonna etablert eit forpliktande samarbeid med primærhelsetenesta i alle kommunar i regionen. 

Dette samarbeidet omhandlar mellom anna samarbeidsavtalar, praksiskonsulentordning, ulike prosjekt, diverse møtearenaer og kontinuerleg dialog og informasjonsstraum mellom partane.

Samhandlingseininga har det overordna systemansvaret i Helse Fonna for samhandling med kommunehelsetenesta og fastlegane.


Elektronisk meldingsutveksling i Helse Fonna skal skje på ny standardisert løysing. 

Løysinga gir elektronisk kvittering (applikasjonskvittering) som viser om meldinga har kome fram til mottakars journalsystem eller ikkje. Dette gir auka sikkerheit, slik at papirkopi ikkje er nødvendig. Ein føresetnad for meldingsutveksling er at legekontoret/kommunen er tilknytte NHN (Norsk Helsenett) som kommunikasjonsleverandør.


Dette er elektroniske meldingar som sendast mellom sjukehus og legekontor. Basismeldingar er tilvisingar, epikriser, laboratorierekvisisjonar (IHR), laboratoriesvar (medisinsk biokjemi), samt røntgentilvisingar. Prosjekt «Innføring av basismeldinger» innfører nye meldingstypar fortløpande. For å komme i gang med basismeldingar kan legekontor ta kontakt med Helse Vest IKT for tilrettelegging. Det er viktig at tilretteleggingsprosessen er gjennomført for at meldingane skal komme korrekt fram.

Support: Samhandling Helse Vest IKT: Telefon: 55 97 65 40, send e-post

Ta kontakt med Samhandling i Helse Vest IKT dersom

  • Akutt meldingsstans
  • Planlagt meldingsstans
  • Endring i rekvirentar
  • Endring i organisasjonsinformasjon

PLO- meldingar er standardiserte meldingar som blir brukt i samhandlinga mellom sjukehus og pleie- og omsorgstenesta i kommunane. 

Meldingane er utvikla for elektronisk bruk og blir sendt mellom journalsystemet på sjukehuset og journalsystemet i kommunen.

PLO- meldingar kan vere logestikkmeldingar, fagmeldingar eller dialogmeldingar

For meir informasjon om pleie- og omsorgsmeldingar kan du som arbeider i Helse Fonna klikke deg inn på: Helse Fonna intranett – EPJ-senter/DIPS – PLO. 

Rutinar for pleie- og omsorgsmeldingar mellom sjukehus og kommune (PDF)






 


Sist oppdatert 19.07.2021