Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et par kvinner i hvite labfrakker

Sjukepleiarstudent

Hos oss får du lære mykje om sjukepleie i eit godt miljø med kjekke kollegaer. Når du går sjukepleien kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får både løn, fagleg utvikling og stipend.

​​​​Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus under studiet, og du tar med deg ei erfaring du ikkje finn andre stader.

Er​ du sjukepleiarstudent kan du inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend. 

Send søknad

Du vil då arbeide minimum sju helger, samt fem veker om sommaren. To av helgene skal inngå i sommarperioden. Stipendet blir utbetalt i månadlege rater.

Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida. Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande.

Velkommen til oss.

Vi behandlar søknadar etterkvart som dei kjem inn, så søk allereie no.

Sist oppdatert 08.05.2024