We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Rett til møte ved alvorlege hendingar

Helse- og omsorgstenesta i kommunen og på sjukehus har plikt til å tilby deg som pasient, brukar eller pårørande eit møte når det har skjedd svært alvorlege hendingar som har involvert pasienten eller brukaren.

Svært alvorlege hendingar er der helse- eller omsorgshjelpa har ført til død, skade eller alvorlege komplikasjonar, og der hendinga er uventa med bakgrunn i venta risiko.

Helse- og omsorgstenesta skal tilby eit slikt møte så snart råd er og seinast innan ti dagar etter hendinga skjedde.

Meir om rett til møte med helsetenesta etter svært alvorlege hendingar, helsenorge.no


Last updated 8/31/2020