We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Helseregistre

Helseregistre blir brukt for å betre kvaliteten og gjennomføre forsking i helsetenesta. Registra baserer seg på innsamling av data frå pasientjournalar.

Som pasient har du høve til å reservere deg («reservasjonsretten») mot at nokre opplysningar om deg blir registrert, lagra eller utlevert (behandla).

Nærmare informasjon om reservasjonsretten med meir, finn du på heimesidene til Kreftregisteret:

Når det gjeld forsking er det ein generell reservasjonsrett for bruk av biologisk materiale.

Skjema finn du hos Folkehelseinstituttet.

Du kan altså sjølv ta kontakt med det enkelte helseregister, for å få meir informasjon om registeret og korleis opplysningar om deg kan brukast.

Nasjonalt traumeregister

Blir du behandla for alvorlege skadar i Noreg registrerast dette i eit nasjonalt traumeregister (skaderegister). Det registrerast ikkje namn eller fødselsnummer i dette nasjonale registeret, kun ein kode, slik at opplysingane er indirekte identifiserbare.

Du har rett til å få innsyn i dei opplysingar som er registrert om deg, samt å be om å bli anonymisert i registeret.

Har du spørsmål om registeret eller dersom du ønskjer å bli anonymisert i registeret, kan du kontakte  Nasjonalt traumeregister, telefonnummer 22 11 79 53.

Informasjon om Nasjonalt traumeregister og kontaktopplysingar kan du også finne på registeret si nettside.

Informasjon om Nasjonalt traumeregister og kontaktopplysingar kan du også finne på registeret si nettside.

Last updated 10/25/2024