Barn som pårørande
Vi er pålagt å ivareta barn som er pårørande til foreldre eller søsken som har psykisk eller fysisk sjukdom. Her finn du meir informasjon om korleis vi kan hjelpe.
- Er mitt barn pårørande?
- Korleis er det for barn?
- Kva kan eg gjere?
- Korleis kan vi snakke saman om det som er vanskeleg?
- Kven kan hjelpe oss?
Kanskje finn du svar på nokre av desse spørsmåla her.
Kva ønskjer barn seg av helsepersonell?
Du kan også sei det til helsepersonell om du vil.
Foreldre ønskjer å gjere det beste for barna sine. Når du er sjuk eller er rusavhengig maktar du gjerne ikkje gjere det same som elles, eller du syns det er vanskeleg og veit ikkje heilt kva som vil vere det beste.
Det er viktig å vera klar over at sjukdomen eller rusproblem i familien kan påverka barna sin kvardag, tankar og kjensler i større grad enn vi vaksne ofte trur. Difor er det viktig å snakke med barna. Visste du at barn kan kjenne seg skuldige i mors eller fars sjukdom? Mange barn er flinke å ta ansvar og hjelpe til. Det kan vere veldig bra. Men det er viktig å passe på at barna ikkje får for stort ansvar også. Desse tinga er det viktig at de snakkar om i familien. Det kan også vere godt å snakke med andre, for eksempel øvrig familie eller venner. Mange fagpersonar har dessutan erfaring med dette og kan gi gode råd og lytte til korleis de har det i din familie, slik at de i fellesskap kjem fram til gode løysingar.
Kva er lurt å gjere?
- Inkluder barna i situasjonen i familien. Gi dei informasjon tilpassa alder om sjukdommen, behandling og reaksjonar hjå den som er sjuk.
- Søk informasjon om vanlege reaksjonar hjå barn når eit familiemedlem er sjuk, slik at dei kan bli møtt med forståing og støtte. Fortel at barna ikkje er skuld i sjukdommen og at du er glad i dei sjølv om du ikkje klarer gjere det same som før.
- Sørg for at rutinane i kvardagen i stor grad fungerer slik dei pleier.
- Informer barnehage, skule og helsesøster slik at barn og ungdom kan bli sett og ivaretatt av dei som er saman med dei i vanlege aktivitetar. Det er ikkje nødvendig å informere om detaljar om sjukdommen eller behandlinga.
- Det kan også vere lurt å informere andre i nettverket dykkar, slik som venner, foreldre til barna sine venner, trenar og liknande.
- Søk råd og hjelp hjå helsepersonell du møter. Dei har plikt til å ivareta barna sitt behov for informasjon når du er sjuk.
- Ver open for å ta imot tilbod om støttetiltak; samtale med helsesøster, avlasting, gruppetilbod og anna.
Når mor eller far blir alvorleg sjuk eller rusar seg, fører det vanlegvis til store utfordringar for den andre forelderen.
Du skal ivareta barna så godt som mogeleg, både kjenslemessig og praktisk. Mange er også ein viktig støtteperson for den sjuke og kontaktperson for helsetenesta. Då er det ikkje alltid lett å ta vare på seg sjølv med dei kjensler og bekymringar ein har.
Kva er lurt å gjere?
- Søk informasjon om sjukdommen og behandling.
- Inkluder barna i situasjonen i familien. Gi dei informasjon tilpassa alder om sjukdommen, behandling og reaksjonar hjå den som er sjuk.
- Søk informasjon om vanlege reaksjonar hjå barn når eit familiemedlem er sjuk, slik at dei kan bli møtt med forståing og støtte. Fortel at barna ikkje er skuld i sjukdommen.
- Sørg for at rutinane i kvardagen i stor grad fungerer slik dei pleier.
- Informer barnehage, skule og helsesøster slik at barn og ungdom kan bli sett og ivaretatt av dei som er saman med dei i vanlege aktivitetar. Det er ikkje nødvendig å informere om detaljar om sjukdommen eller behandlinga.
- Det kan også vere lurt å informere andre i nettverket dykkar, slik som venner, foreldre til barna sine venner, trenar og liknande.
- Søk råd og hjelp hjå helsepersonell. Dei har plikt til å ivareta barna sitt behov for informasjon når ein i familien er sjuk.
- Ver open for å ta imot tilbod om støttetiltak; samtale med helsesøster, avlasting, gruppetilbod og anna.
- Ta vare på deg sjølv. Ingen kan klare alt når sjukdom rammar. Senk krava og unn deg sjølv eit pusterom når du kan. Å la andre hjelpe kan gjere vegen vidare litt lettare.
Her kan du lese meir:
Hva nå? - når mor eller far til dine barn er syk
Dersom den som er sjuk ikkje vil at du skal ha informasjon, kan du likevel kontakte behandlarteamet eller anna helsepersonell for generell informasjon, råd og tips for deg og barna.
Kva skjer med livet ditt når mor, far eller søsken er sjuk eller rusavhengig? For nokon oppstår det ei plutseleg endring av kvardagen. For andre kjem endringa gradvis, eller du innser at du har levd med det lenge.
Når mamma, pappa eller søsken er sjuk
- blir kvardagen din annleis
- kan du bli lei deg, redd, bekymra og få mange spørsmål og
tankar i hovudet - kan det hende du må hjelpe meir til med praktiske ting heime
- kan du bli sint på andre utan grunn
- kan det bli vanskeleg å konsentrere seg på skulen
“Kva har eigentleg skjedd? Er noko av dette mi skuld? ”
“Kan eg også bli sjuk? Kva skal eg seie til venner? ”
“Er det lov å vere glad? JA!”
Vi som jobbar på sjukehuset veit
- at kvardagen, tankar og kjensler for barn som har sjuke eller rusavhengige foreldre blir påverka av det.
- at det aldri er eit barn si skuld at mor eller far blir sjuk eller rusavhengig.
- at det er godt for barn å få vite meir om sjukdomen og snakke saman i familien om det som skjer.
- at det er godt for barn at andre veit litt om situasjonen din, for eksempel på skulen, trenaren på fotballaget, ei tante eller far til venninna di.
- at det er fint for barn å hjelpe til, men at barn ikkje skal ha ansvar for mange av dei praktiske tinga i heimen.
- at mange barn er i same situasjon som deg, sjølv om kvar familie er unik!
Difor vil gjerne vi som jobbar her snakke med mor og far din – både den som er sjuk og den som er frisk, og med deg om desse tinga. Vi har barneansvarlege som har eit særleg ansvar for dette, men også legen som behandlar mammaer og pappaer skal spørje korleis barna deira har det. Så kanskje blir du invitert til ein familiesamtale?
“Kvifor får eg ikkje sove? ”
“Blir mor/far sjukare om eg blir lei meg eller sint?”
“Kven skal passe på mamma/pappa mens eg er på skulen? ”
Kva gjer du med spørsmåla dine? Det er viktig at du snakkar med mor, far eller ein annan vaksen du har tillit til om det du lurer på og korleis du har det. Du kan også snakke med helsesøster på skulen eller ta kontakt med oss og spørje etter den barneansvarlege eller behandlaren der mor eller far får behandling.
Du kan også finne informasjon, chatte og komme i kontakt med andre som kan noko om det å vere pårørande som barn på forskjellige nettsider som du finn her.
Alarmtelefonen for barn og unge – ring 116 111 – www.116111.no
morild.org - for barn og unge som har psykisk sjuke foreldre, chatterom
Nettstad for barn og unge av rusmisbrukarar
Praterom for deg som har en mor eller far, eller andre du bryr deg om, med rusproblemer
Meg også - app du kan lage dagbok med
Har du kontakt med Helse Fonna fordi du har psykisk sjukdom, rusmiddelavhengighet eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade kan du vente at behandlaren din eller ein barneansvarleg spør deg om barna dine, og du kan sjølv ta opp spørsmål med dei.
Det er helsepersonell pålagt etter helsepersonellova. «Barn» kan her vere biologiske barn, stebarn, fosterbarn, adoptivbarn eller søsken, under 18 år.
Vi ønskjer at det skal bli ein god samtale der du i trygge rammer kan dele tankar og bekymringar du har i høve til barna sin situasjon når du er sjuk. Saman kan de finne ut kva de som familie har behov for, og om det er nødvendig og tenleg å involvere andre i denne prosessen.
Det kan vere
- familiesamtale med barna, andre frå nettverket og personell frå avdelinga.
- tilrettelegging for besøk av barna på avdelinga.
- informasjon om andre tilbod og hjelp til å ta kontakt med desse.
- hjelp til å informere nettverk, skule og barnehage
- knytte kontakt med barnevernet som kan tilby frivillige støttetiltak i ein vanskeleg situasjon.
Du kan spørje etter den barneansvarleg i eininga eller ta direkte kontakt med behandlar.
I kommunen
Alle kommunar har tenestetilbod og fagfolk som har eit særleg ansvar for barn som har det vanskeleg, slik det kan vere når barn er pårørande.
- Snakk med fastlegen din om barna.
- Informer skule/barnehage/helsesøster.
- I kontakt med helse- og omsorgstenesta kan du få informasjon om:
Støttetiltak som familiesenter/familieteam/barnevernteneste på heimstaden
Avlastning og eventuelt anna praktisk hjelp
Lokale og nasjonale tilbod i regi av interesseorganisasjonar, for eksempel barnegrupper
Dersom personell i skulen eller barnehagen veit litt om situasjonen heime kan dei lettare sjå barnet og den unge sitt behov og møte det med forståing og ivaretaking. Det er ikkje nødvendig å informere om detaljar om sjukdommen eller behandlinga.
Helsesøster, barne- og familierettleiar, kreftsjukepleiar og liknande kan tilby samtalar både med foreldre og barn/ungdom.
Barneverntenesta samarbeider tett med familien og dei aller fleste hjelpetiltaka er frivillige. Mange kvir seg for å kontakte barneverntenesta når dei har behov for hjelp, men dei fleste er likevel godt nøgde med hjelpa dei får når dei først tar kontakt.
I nettverket ditt
Venner, slektningar, naboar, kollegaer, trenarar, foreldre til barna sine venner/treningskamerater og andre kan ønskje å hjelpe med praktiske ting og omsorg. Det kan vera transport til fritidsaktivitetar, matlaging, klesvask, leksehjelp, barnepass, husvask og innkjøp. Om du er open om det du og familien din opplever og klarer ta imot hjelp kan det bety at kvardagen lettare kan henge saman i ein krevjande situasjon.
Det er aldri for tidleg å be om hjelp.
Barn kan nå få dekket utgifter til reise for å få nødvendig informasjon eller oppfølging av helsepersonell, når foreldre eller søsken mottar helsehjelp.
Barn som pårørende har fra 1. januar 2019 fått rettigheter gjennom en ny bestemmelse i pasientreiseforskriften § 19 andre ledd.
Bestemmelsen lyder slik: "Mindreårige barn har rett til å få dekket utgifter ved reise til helsepersonell som skal ivareta barnets behov for informasjon og nødvendig oppfølging etter helsepersonelloven § 10 a eller § 10 b".
Reise dit helsepersonell yter helsehjelp
Det betyr at barn som pårørende og etterlatte får dekket utgifter ved reise til helsepersonell som skal bidra til at de får informasjon og nødvendig oppfølging, som følge av at barnets forelder, søsken er pasient med psykisk sykdom, rusmiddelavhengighet eller alvorlig somatisk sykdom eller skade. Det samme gjelder når foreldre eller søsken dør.
Det er viktig å merke seg at barn som pårørende ikke skal betale egenandel når de er under 16 år, og at rettigheten til å få dekket reiseutgifter etter denne bestemmelsen gjelder til 18 år.
Hvordan få dekket reiseutgifter
For å søke om å få dekket reiseutgifter for barnet, må Pasientreisers reiseregningsskjema på papir fylles ut og sendes i posten. Det er viktig at oppmøtebekreftelse fra helsepersonell eller behandler legges ved søknaden.
Reiseregningsskjemaet finner du på helsenorge.no
Informasjon til vaksne med omsorgsansvar for barn som er pårørande
Morild - Nærhet på avstand/dele erfaringar og råd for barn, unge og foreldre
Snakketøyet.no - korleis snakke om det? Snakketøyet – for foreldre og andre vaksne
- supporting parents and children when parents are ill
helsenorge.no - når barn er pårørande
barnsbeste.no - filmar, nyheiter, forsking
Helsepersonelloven § 10 a: Helsepersonells plikt til å bidra til å ivareta mindreårige barn som pårørendeHelsenorge.no - Barn trenger åpenhet om sykdom
Helsenorge.no - Snakk med barna om sykdom i familien