We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Panikkliding

Panikkliding er ein tilstand der ein gjentekne gonger får panikkanfall som er kjenneteikna av fleire av dei følgjande symptoma; hjartebank, kjenna seg svimmel, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kjensle av uverkelegheit eller kvalme og uroleg mage.

Første kapittel i behandlingsprogrammet for pa​nikkliding (pdf)​

​​​Panikkanfall kan ein ha ved ei rekkje ulike psykiske tilstandar, ikkje berre ved panikkliding (til dømes som reaksjon på å oppdage ein edderkopp på handa for ein person som har edderkoppfobi).

Panikkliding vert kjenneteikna av at ein har plutselege og uventa panikkanfall i ulike situasjonar og ikkje berre i situasjonar der ein forventar å vere engsteleg.

Anfalla fører med seg betydeleg og vedvarande redsle for å få nye anfall, konsekvensane av anfalla (til dømes at ein skal miste kontrollen, få hjarteinfarkt, bli gal), eller ei betydeleg endring i kva ein kan gjere som følgje av anfalla (t.d. unngår stadar, forsikrar seg om at ein ikkje går aleine).

eBehandling si behandling for panikkliding bygger på boka «Ingen panik: Fri från panik- och ångestattacker i 10 steg med kognitiv beteendeterapi» av Per Carlbring og Åsa Hanell.

Slik foregår eBehandling for panikkliding - trinn for trinn

 

Last updated 4/26/2024