Alle må på førehand fylle ut "Egenmeldingsskjema om helsetilstand". Dette er for at sjukehuset skal vete om sjukdommar eller allergier og om du har spesielle behov.
Har de tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.
Det er svært viktig at du fyller ut skjemaet og sender det tilbake. Du vert ikkje satt opp til time for behandling i narkose før tannlegen har fått dette.
Du vil også bli kalla inn til ein time på anestesipoliklinikken i forkant for ei vurdering.
Nokre dagar før tannbehandlingen vil sjukepleier ved ønh-poliklinikk ringe deg for å høyre om du er frisk og klar for tannbehandling. Du må ikkje ha vore forkjøla eller sjuk siste to vekene før behandlinga. Sjukepleiar informerar videre om kva som skal skje den behandlingsdagen.
Faste
Tannbehandling blir utført i narkose. Derfor skal du faste før behandlinga. Det betyr at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt (dette inkluderer yoghurt) etter kl. 24.00 kvelden før. Du kan drikke litt klare væsker som saft, tynn juice utan fruktbitar og vatn frem til 2 timar før oppmøtetid på behandlingsdagen. Etter det kan du ikkje ete eller drikke noko. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du bør ikkje bruke røyk eller snus dei siste 6 timane før operasjonen.
Medisinar
Det er viktig at sykehuset veit kva for medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisinar (for eksempel Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin).Ta med medisinlista di til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisiner eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisiner du kan ta før operasjonen.n).
Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret kvelden før eller på morgenen før operasjonen.
Du kan ikkje ha på deg ringar, klokker, piercingar, kontaktlinser, sminke eller neglelakk under operasjonen. Du kan ha briller og høyreapparat på deg.
Oppmøte
Du skal møte på øyre-nase-hals-poliklinikken i 1. etasje. Her vil sjukepleiar ta i mot deg og gje deg smertestillande og eventuelt avslappande medisin før behandlinga starta. Det er viktig at du tek dei medisinane som du har fått beskjed om på førehand. Barn får også bedøvingskrem på begge hendene før innlegging av venekanyle.
Før det er din tur, må sitje du saman med andre i ei ventesone i poliklinikken. Du må vere førebudd at det kan bli venting. Vi anbefaler at du tek noko med som du liker å halde på med.