Snorkeoperasjon med radiobølgjeteknikk

Øre-nese-hals

Operasjonen vert kalla ganeplastikk, då vi gjer eit inngrep i den blaute ganen. Dette er anten for å få meir plass, eller for å avstive den.

1. Før

Du treng ikkje vere fastande. Du sit oppreist i ein stol under operasjonen. Det vert nytta lokalbedøving. Du vil før operasjonen startar få tablettar som skal dempe smerte og hevelse etter operasjonen. Det vert bedøvd lokalt bak i svelget. Det vil kunne opplevast som om halsen vert noko tett, men det er berre ei kjensle og ikkje noko farleg, og gjer seg etter ei stund.

Forkjøling/influensa kan hindre operasjon. Ta kontakt med utførande eining dersom du er i tvil.

Brukar du blodfortynnande medisinar som til dømes Marevan, Albyl- E, Plavix, Globoid eller Globemetyl, skal det avtalast på førehand korleis desse skal takast før og etter operasjonen. Dersom dette ikkje er avklara må du ta kontakt med ØNH-poliklinikk.

2. Under

Operasjonen vert utført dagkirurgisk på poliklinikken og varer om lag ein halv time. Den kan opplevast noko ubehagelig då vi opererer bak i svelget, noko som kan medføre ein del brekningar. Dette varierer frå person til person.

Du kan reise heim same dag som operasjonen er gjort. Du må nytte offentlig transportmiddel, eller få nokon til å køyre deg, då du ikkje kan køyre bil sjølv operasjonsdagen.

3. Etter

Etter operasjonen vil du få saftis og isbitar til å suge på. Ta med deg ei brødskive som du skal ete før du reiser heim. Ta også med deg ein termos som vi vil fylle med isbitar til heimreisa. Dersom alt går greitt, vil du kunne reise heim etter ein times tid.

Det er forventa smerter etter operasjonen og du kan oppleve nokre smertetoppar innan ein 14 dagars periode.
Ved vedvarande feber eller bløding som er meir enn bare nokre striper i spyttet, tek du kontakt med ØNH poliklinikk for råd.

Smertestillande:
Du får med deg resept på smertestillande tablettar ved behov.  Du får eventuelt resept på Penicillin som førebygging for å unngå infeksjon. Det kan og hjelpe på smertene å suge på isbitar.

Sjukmelding:
Sjukmelding etter operasjon er avhengig av omfanget, men inntil to veker er vanleg.

Kontaktinformasjon

Øre-nese-hals
Telefon
52 73 24 60
Resepsjonen ved ØNH er bemannet på dagtid man-fre
Haugesund sjukehus
Besøksadresse
(Kart)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag - sundag 17.00-18.30
Telefon
52 73 20 00

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

Det er reserverte plassar blodgivarar, dialyse, behandlingshjelpemidler og enkelte øyeblikkeleg hjelp-plassar. Ta kontakt med aktuell avdeling for meir informasjon om dette.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.