Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Røntgenmerking ved brystkreft

Ved mistanke om brystkreft, der kulen ikkje kan kjennast, kan det vere behov å legge inn ein merketråd/markør i brystet for å markere området. I dei fleste tilfelle bruker vi ultralyd for å plassere merketråde/markøren i riktig posisjon. Dersom området ikkje er synleg på ultralyd, gjør vi det veileda av røntgen.

Før

Ikkje bruk krem, parfyme eller pudder på brysta eller i armholene same dag som undersøkinga. Fjern eventuelle piercingar.

Under

I de fleste tilfelle ligg du på ein ultralydbenk. Radiologen setter inn ein tynn hol nål i brystet som merketråden/markøren går gjennom. Du vil kjenne eit stikk i huda idet vi setter ståltråden/markøren på plass. Merketråden/markøren blir festa i området som skal bli operert ut, og nåla bli fjerna frå brystet. Vi tar deretter røntgenbilete for å dokumentere at merketråden/markøren er plassert riktig.  

Hvis det blir lagt ein merketråd, blir tråden som er igjen utanfor brystet pakka inn og bandasjert godt.

Gjer det vondt?

Vanlegvis lite smerte. Ofte setter vi litt lokalbedøving før innsetting av nåla.

Kor lenge varer undersøkinga?

15 - 45 minutt.


Etter

Det er ingen spesielle observasjonar eller restriksjonar etter at ståltråden er teipa på plass eller markøren er lagt inn. 

Du skal behalde bandasjen på heilt til operasjonen.