Når utprøvingsperioden er avslutta, har du ikkje fleire faste kontrollar.
Service på høyreapparat
Dersom det er noko gale med dine høyreapparat eller du treng justering, kan du bestille servicetime på tlf 52 73 26 48. Du treng ikkje ny tilvising for å bestille servicetime. Du kan også levere høyreapparatet til vår skranke ved øyre-nase-hals. Høyreapparata vil bli sjekka innan éi veke. Av og til må høyreapparata sendast inn til leverandøren. Audiografen kontaktar deg når høyreapparatene er klare for henting eller informerer om at dei må sendast inn. Viss høyreapparata må sendast vidare, må du forvente at det går 2-4 veker før dei er tilbake igjen. Dette kjem an på kva som må reparerast. Viss apparatet er knust eller nokre delar er knekt må apparatet sendas inn. Du kan sende apparatet direkte inn til leverandøren sjølv. Informasjon om høyreapparat og leverandør står i papirene som du har fått av sjukehuset.
Dersom du har fått høyreapparat hos ein privat avtalespesialist, må du kontakte denne spesialisten for servicetime.
Nye apparat
Nav dekker utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. For å få nye treng du ikkje tilvising, så lenge du tidlegare har fått utlevert høyreapparat hos oss.