Endometriose, kirurgisk behandling
Kirurgisk behandling av endometriose utgjer eit stort spekter av operasjonar som i hovudregel bør gjerast med kikhòlskirurgi. Dei fleste enklare inngrep forgår ved dagkirurgisk og kan utførast på dei fleste gynekologiske avdelingar i Noreg. Dersom det er mistanke om djup endometriose anbefaler vi at du blir vist til eit senter med kompetanse i endometriosekirurgi.
Målet med inngrepet er å fjerne all synleg endometriose i buken, løyse samanvoksingar, reparere skade på affiserte organ og samtidig sikre diagnosen om han ikkje allereie er kjend.
Tilvising og vurdering
De fleste enklere inngrep forgår ved dagkirurgisk og kan utføres på de fleste gynekologiske avdelinger i Norge. Hvis det er mistanke om dyp endometriose anbefaler vi at du blir henvist til et senter med kompetanse i endometriosekirurgi.
Før
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Det er viktig at du les innkallingsbrevet. Dersom det er andre instruksar i innkallingsbrevet er det den informasjonen som gjeld.
- Ta gjerne med behageleg antrekk til bruk etter operasjonen.
- Planlegg heimturen frå sjukehuset. Du skal ikkje køyre bil sjølv heim.
- Menstruasjon er inga hindring for operasjon.
- Før inngrepet får du informasjon av gynekologen som skal utføre inngrepet, og anestesilege.
Under
Operasjonen blir planlagd som kikhòlsoperasjon.
Du får full narkose under inngrepet. Mens du søv, legg vi ofte inn eit blærekateter og eit instrument for å kunne bevege livmora. Vi lagar eit lite snitt i navlen og fyller bukhola med kulldioksyd (CO2). Laparoskopet er eit tynt videokamera som blir ført inn gjennom snittet i navlen. Vi lagar så vanlegvis to–tre små snitt (5–10mm) i nedre del av magen der vi fører inn instrument. Av og til er det behov for fleire innstikk. Om vi skal fjerne vev frå bukhola kan vi måtte utvide desse opningane.
Dei enkle dagkirurgiske inngrepa tar gjerne 30–60 minutt.
Større og kompliserte endometrioseoperasjonar kan vare i fleire timar.
Etter
Etter operasjonen blir du liggande på overvakingsavdelinga til narkosen er gått ut. Mange får reise heim same dag, men for somme er det nødvendig å bli på avdelinga ein til to dagar til.
Før heimreise får du informasjon av legen om kva som blei funnen og gjord under operasjonen.
Ved dagkirurgiske inngrep blir du skrive ut same dag. Ved meir omfattande inngrep kan det bli aktuelt å overnatte på avdelinga, men dei fleste reiser da den etterfølgande dagen.
Etter at du er utskriven frå sjukehuset
Bilkøyring
Du må ikkje køyre bil det første døgnet etter operasjonen og det er ein fordel om du blir henta.
Sjukmelding
Dette blir vurdert individuelt. Eigenmelding er ofte nok, det er sjeldan behov for fråvær ut over 3 til 4 dagar. Store inngrep kan gi behov for lengere sjukmelding.
Dei første dagane kan du kjenne deg oppblåst i magen og eventuelt ha vondt i skuldrene. Dette er irritasjon frå gassen i bukhola og kan oftast lindrast med reseptfrie, smertestillande tablettar.
Såra
Alle sting forsvinn av seg sjølve. Stinga er dekte med hudplaster. Du kan dusje, men det er viktig at du held plasteret tørt. Ein eventuelt synleg knutetråd som klør kan du klippe bort. Dersom såret/-a væsker, kan du reinse med vatn eller vanleg reinsevæske. Stripsa kan sitte på til dei losnar eller blir fjerna etter 8 til 10 dagar. Det er ikkje behov for plaster etter at såret er tørt, men vi anbefaler å verne såret/arret mot sol.
Aktivitet
Sjølv om du kan ha auka behov for kvile i tida etter ein laparoskopi, bør du komme i gang med dei vanlege daglege aktivitetane dine så snart som mogleg. Avhengig av type utført inngrep bør du i ein viss periode avgrense tung fysisk aktivitet som belastar bukvegg og bekkenbotn. Som regel avgrensar det seg sjølv. Snakk med legen din om dette.
Du kan ta opp att samleie 2 til 7 dagar etter inngrepet. Har du fjerna heile livmora skal du unngå samleie med djup vaginalpenetrasjon dei første 12 vekene etter inngrepet. Om du har fått annan informasjon av legen som opererte deg, skal du forhalde deg til det.
Etterpå
Om vi har sendt materiale til mikroskopisk undersøking, får du svar etter 2 til 4 veker. Vi kontaktar deg dersom svaret tilseier vidare undersøking eller behandling.
Din eigen lege får kopi av svaret og brev om inngrepet.
Må eg ta medisinar?
Dette avheng av funnet som blei gjort under operasjonen. Vi anbefaler paracetamol og/eller NSAIDS som Ibux, Naproxen, diklofenak osb mot vanlege operasjonssmerter dei første dagane etter operasjonen.
Sjølv etter operasjon kan du ha behov for vidare medikamentell behandling av endometriose.
Ver merksam
Alle operasjonar inneber ein viss risiko, men komplikasjonar ved laparoskopi er sjeldne. Du kan få meir informasjon ved førehandssamtale med legen. Det som kan førekomme er:
- sårinfeksjon i huda ved innstikka i bukveggen
- urinvegsinfeksjon
- skade på indre organ (tarm, urinvegar). Dette er sjeldan (mindre enn 1 prosent)
- bløding i buken (sjeldan)
- viss vanskar ved gjennomføring må eventuelt open kirurgi (buksnitt) utførast (sjeldan)