Behandling
Cystoskopi
Cystoskopi er ei undersøking av urinblæra og urinrøret. Eit tynt instrument (skop) blir ført inn gjennom urinrøret og opp i urinblæra. Cystoskopet kan vere stivt eller bøyeleg. Legen kan sjå gjennom cystoskopet, eller det kan vere kopla til ein skjerm. På denne måten kan legen inspisere urinblæra, prostata og urinrøret.Cystoskopi blir mellom anna gjort ved mistanke om kreft i blæra. Pasientar med påvist og behandla overflatisk blærekreft blir også fulgt opp med denne undersøkinga etter faste intervall for å sjå etter tilbakefall.
Før
Det er ingen spesielle forberedingar før du skal ta ein cystoskopi. Rett før undersøkinga blir du bedt om å tømme blæra. Kvinner som har menstruasjon kan utan problem få gjennomført undersøkinga.
Under
Cystoskopinstrumentet blir ført inn i blæra via urinrøret. Forandringar i blærevevet blir kartlagt. Ved behov tar vi vevsprøver frå mistenkelege område. Dette blir gjort ved å føre inn ei lita tang gjennom skopet, som gjer det mogeleg å ta prøver av forandringar i slimhinna.
Etter
Det kan vere blod i urinen og svie ved vasslatinga i 1 - 2 dagar etter undersøkinga. Du bør drikke godt, 1 1/2 til 2 liter same dag. Ved vedvarande svie og hyppig vasslating bør du levere ei urinprøve ved fastlegekontoret ditt, då desse symptoma kan vere teikn på urinvegsinfeksjon.
Ver merksam
Ved vedvarande svie og hyppig vasslating etter undersøkinga bør du levere ei urinprøve ved fastlegekontoret ditt, då desse symptoma kan vere teikn på urinvegsinfeksjon.