Kjenneteikn på autismespekterforstyrringar kan vere
- Utfordringar med sosiale ferdigheiter og forståing
- Avgrensa evne til og interesse for sosial omgang
- Annleis blikkontakt
- Avvikande og annleis reaksjonsmønster
- Utfordringar med kommunikasjon og språk
- Annleis oppleving av sanseinntrykk
- Auka sårbarheit for stress
Det er store individuelle forskjellar hos barn og ungdom med vanskar i autismespekteret. Førekomst og alvorsgrad av dei ulike symptoma varierer frå person til person og er avhengig av alder og utviklingsnivå. Mange med vanskar i autismespekteret har også tilleggsvanskar som angst, depresjon, ADHD, søvnvanskar og spisevanskar.
Nyttig informasjon om autismespektervanskar
Informasjon om autisme fra helsenorge.noNettsidene til Autismeforeningen
Ung og bekymra?
Dersom du er barn eller ungdom og bekymra for om du kan ha
vanskar i autismespekteret tilrår vi at du søker råd hos helsesøster, kontaktlærar
eller sosiallærar på skulen. Dei kan hjelpe deg å komme i kontakt med PPT dersom dei meiner det er grunnlag
for kartlegging og vurdering av symptom. Viss du er over 16 år, kan du sjølv ta
direkte kontakt med PPT eller fastlege.
Råd til foreldre
Dersom du er forelder og er bekymra for om ditt barn/ungdom har vanskar i autismespekteret tilrår vi at du søker råd hos helsesøster, pedagog i barnehagen, kontaktlærar/sosiallærar på skulen eller psykolog i kommunen. Du kan også ta direkte kontakt med PPT eller fastlege for å drøfte di bekymring. Det er vanleg at PPT tar ein del testar før tilvising til BUP, men det er ingen føresetnad for tilvising.
Dersom PPT, psykolog i kommunen eller fastlege vurderer at
det er grunnlag for vidare utgreiing, vil barnet/ungdommen blir tilvist til BUP som
har ansvar for vurdering av diagnose. Før tilvisinga må fastlegen gjere ei
helseundersøking av barnet/ungdommen.