Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Allergivaksinasjon av vaksne

Allergivaksinering er aktuelt for deg som har uttalt allergi, særleg mot pollen og bie- og vepsegift, men også mot dyrehår eller husstøvmidd. Allergivaksinasjon kan redusere, eller kurere ein allergisk sjukdom.

Allergivaksinasjon blir også kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi. Behandlinga går ut på å tilføre allergenet (det du er allergisk mot) regelmessig over lang tid, 3 eller 5 år.

Dei aller fleste som får denne behandlinga opplever at kroppen reagerer mindre på allergener og at allergisymptom frå hud, auger, nase og luftvegar blir redusert eller forsvinn.

Vaksinasjon blir gjort med enten injeksjon/sprøyte eller smeltetablettar i munnen. Dette kjem an på kva allergen du skal vaksinerast mot.

Tilvising og vurdering

Du må ha hatt symptom på problematisk allergi over minst to år og avlegge positiv allergitest (prikktest eller blodprøve) på aktuelle allergen. Fastlege eller avtalespesialist innan øyre-nase-hals-lege kan tilvise deg til sjukehuset.

Før

Dersom du skal ha vaksine med injeksjon/sprøyte, kan du ikkje ha hatt ein infeksjonssjukdom (forkjølelse, influensa, bronkitt eller liknande) eller fått nokon anna vaksine (for eksempel influensa- eller BCG-vaksine) dei siste tre dagane før allergivaksinasjonen. Blir du sjuk eller hindra frå å møte opp, må du kontakte oss og avtale ny tid.

Bruk av medisinar kan påverke behandlinga. Du må derfor gi oss beskjed viss du bruker medisinar.

Du skal ikkje innta alkohol 8 timar før og etter vaksinasjonen fordi det aukar risiko for biverknadar.

Under

Allergi mot bjørk, gras, katt og husstøvvmidd - injeksjonar

 Ved behandling av bjørk-, gras-, katt-, husstøvmidd-allergi kan dette gjerast i form av injeksjonar/sprøyter i armen. Du må møte på poliklinikken for kvar vaksinasjon. Det er vanleg at dette går føre seg som opptrapping med ein dose kvar veke i åtte veker. Deretter gradvis overgang til ein dose annankvar månad i tre år. Dei første gongene får du to-tre sprøyter med 30 minutt mellomrom.  Du blir kontrollert etter kvar injeksjon. 30 minutt etter at siste injeksjon er gitt vil du få beskjed om du kan gå heim eller om du må vere til observasjon lenger.

Allergi mot husstøvmidd - smeltetablettar

Husstøvmiddallergi kan også behandlast med smeltetablettar, men sjukehuslegen må då søke om registreringsfritak. Dette vurderer sjukehuslegen. Også denne behandlinga har planlagd varigheit på 3 år, men dersom du etter 3 månadar ikkje har opplevd betring av plagene, skal behandlinga vanlegvis avsluttast. Denne vurderinga blir gjort i samråd med lege.

Graspollenallergi – behandling med smeltetablettar

Graspollenallergi kan behandlast i form av smeltetablettar med graspollenekstrakt (Grazax) dagleg over tre år. Du tar første tablett hos oss på poliklinikken. Du blir deretter observert i 30 minutt før du kan gå heim. Vanlege biverknadar er kløe/svie/ubehag i munnen nokre minutt etter du har tatt tabletten. Etter den første behandlinga kan du ta tablettane heime, med årleg kontroll hos lege.

Etter

Det er under heile behandlinga ein risiko for at vaksinasjonane kan utløyse allergisymptom, spesielt under den første delen med doseauke.  Derfor skal du alltid vere på avdelinga for observasjon i 30 minutt etter kvar vaksinasjon. Vi gjer eventuelt lungefunksjonstest (PEF) før og etter vaksinasjon.

Dei mest vanlege biverknadane er hevelse/kløe/ubehag på innstikkstaden ved sprøyter, og kløe/svie/ubehag i munnen ved smeltetablettar. Ved biverknadar ut over kløe/ubehag på innstikkstaden bør dette behandlast med allergimedisin. Ta eventuelt kontakt med lege.

Du bør ikkje drive anstrengande fysisk aktivitet eller høgintens påkjenning på vaksinasjonsdagen.

Du blir kalla inn til årleg legetime for evaluering og oppfølging av behandlinga.

Ver merksam

Nokre timar og opp til eit par dagar etter at vaksinasjonen er sett, kan du få seinreaksjonar. Dette ser ein oftast som hevelse, raudheit og kløe på injeksjonsstaden.  Dette er kjente reaksjonar som du må gi oss beskjed om ved neste besøk.

Det kan også oppstå generelle seinreaksjonar.  Kløe i auge og nase, forverring av astma, elveblest, og generell kjensle av å vere uvel. Dette er sjeldan, og ein unngår vanlegvis slike reaksjonar ved måten behandlinga skjer på. Viss du er i tvil om tilstanden din, ta kontakt med lege.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i første etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​