Medikamentell heimeabort
For at medikamentell abort skal kunne skje heime må du vere over 18 år, frisk og ha under 1 time reiseveg til sjukehuset. Du må kunne forstå og snakke norsk, og ha høve til å ha ein vaksen person saman med deg. Heimeabort er aktuelt fram til svangerskapsveke 9.
Du er først til undersøking og samtale på sjukehuset, der du blir einig med sjukepleiar og lege om korleis aborten skal gjennomførast. Ved medikamentell abort er det to ulike medikament som blir nytta: Mifegyne som startar abortprosessen og Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten.
Første del av behandlinga skjer på sjukehuset
På sjukehuset får du tabletten Mifegyne som du svelger. Når den er tatt, er det for seint å ombestemme seg. Før du forlet sjukehuset får du med deg medikamentet Cytotec og smertestillande for å fullføre behandlinga heime.
Du kan i løpet av dei neste dagane få blødning og menstruasjonsliknande magesmerter. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.
Ta kontakt med sjukehuset dersom:
- du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
- aborten skjer utan at vidare behandling med Cytotec er sett igang.
Dersom du ammar, er det tilrådd at du pumpar deg og kastar mjølka dei første 3 dagane etter inntak av Mifegyne.
Lev elles så normalt som mogeleg.
Vidare behandling heime
To dagar etter at abortprosessen blei starta med Mifegyne på sjukehuset skal du gjere resten av behandlinga heime. Det er nødvendig at du har ein vaksen person i lag med deg. Du kan ikkje føre bil denne dagen.
- Start behandlinga om morgonen
- Sidan du skal ligge den første timen bør du gå på toalettet først
- Deretter plasserer du 4 tablettar Cytotec djupt i vagina/skjeden
- Ta to smertestillande tablettar (1 tablett Pinex Forte og 1 tablett Diclofenac)
- Etter 3-4 timar kan du ved behov ta same dose smertestillande
- Etter ein time bør du vere oppe for å framskynde abortprosessen
- Du kan spise, drikke og elles leve som normalt.
Vanlegvis vil aborten skje 4-6 timar etter at tablettane med Cytotec blei sett. Dersom det går meir enn 6 timar før du får blødning, ringer du sjukehuset for informasjon og vidare avtale.
NB! Du kan få sterke menstruasjonssmerter og det er vanleg med rikeleg bløding. Om du blir utrygg i situasjonen tar du kontakt med sjukehuset.
Etter aborten
Dagen etter aborten får du telefon frå sjukepleiar ved sjukehuset som vil høyre korleis du har det og om aborten er fullført. Du kan vere i vanleg aktivitet dersom du føler deg i form til det.
Etter 4-6 veker vil menstruasjonen oftast vere tilbake. Det er ikkje uvanleg at den første menstruasjonsblødninga både er kraftigare og varar lengre enn du er van med. Hormonell prevensjon kan takast i bruk så snart aborten er sluttført. Spiral kan setjast inn etter 4 veker, og skjer vanlegvis hos eigen lege.
Du skal ta graviditetstest 4 veker etter aborten for å påvise at svangerskapet er avslutta. Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.
Ta kontakt med sjukehuset viss:
- du får feber med temperatur over 38° C
- du har smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 2 veker
- du får positiv graviditetstest 4 veker etter aborten
- du har blødning som held fram i meir enn 4 veker etter aborten
- du ikkje har fått tilbake menstruasjonen 4-6 veker etter aborten.
Medikamentell abort på sjukehuset
Medikamentell abort på sjukehuset kan bli utført fram til og med veke 12 i svangerskapet. Du vil få eit medikament som startar abortprosessen. Etter to dagar kjem du tilbake til sjukehuset for å gjennomføre aborten her.
Du er først til undersøking og vurdering på sjukehuset, der du blir eining med sjukepleiar og lege om korleis aborten skal skje. Ved medikamentell abort på sjukehuset er det to ulike medikament som blir nytta: Mifegyne som startar abortprosessen og Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten.
Første del av behandlinga
Første del av behandlinga skjer på gynekologisk poliklinikk. Du får tabletten Mifegyne som du svelger. Når den er tatt, er det for seint å ombestemme seg. Du kan deretter reise heim. Innan 36-48 timar må du komme tilbake til poliklinikken for del to av behandlinga.
Dei neste dagane etter at du har tatt Misfegyne kan du få blødning og menstruasjonsliknande smerter. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.
Ta kontakt med sjukehuset dersom:
- du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
- aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang.
Dersom du ammar er det tilrådd at du pumpar deg og kastar mjølka dei første 3 dagane etter inntak av Mifegyne.
Lev elles så normalt som mogeleg.
Andre del av behadnlinga
To dagar, eller mellom 36-48 timar etter at abortprosessen blei starta med Misfegyne, kjem du tilbake til sjukehuset. Du kan gjerne ha ein vaksen person med deg. Du kan ikkje sjølv køyre bil denne dagen.
og etter at du kjem heim bør du ha ein vaksen person saman med deg første døgnet.
Behandlinga på sjukehuset kan ta tid, så ta gjerne med lesestoff, musikk eller noko anna du kan slappe av med. Spis gjerne frukost før du kjem. Du vil bli mottatt av sjukepleiar som gir deg informasjon om vidare behandlingsplan. Du vil få 4 tablettar som du skal sette djupt i skjeden. Du må ligge i 1 time etter tablettane er sett, deretter bør du vere oppe. Du vil få smertestillande tablettar etter behov. Det er vanleg å vere innlagt mellom 4-6 timar. Dersom det tar lengre tid enn fire timar før du får blødning får du ein ny dose tablettar i skjeden kvar 3. time til aborten er gjennomført. Du kan få kraftige menstruasjonssmerter og det er normalt å blø rikeleg.
Etter aborten
Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioden. Unngå samleie og karbad så lenge du framleis blør. Det er ikkje uvanleg å ha menstruasjonsliknande smerter.
Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.
Fire veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest. Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.
Ta kontakt med sjukehuset viss du har:
- positiv graviditetstest etter fire veker
- smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
- bløding som varar meir enn 28 dager
- feber over 38 grader
- ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 4-6 veker.